Viser innlegg med etiketten På badet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten På badet. Vis alle innlegg

mandag, mars 28, 2011

Sommartider??


Til den fyrste dagen med sommartid vakna me opp til vinterkvitt landskap og dalande store snøfnugg. Feberen set framleis i hjå enkelte av den yngre garde, og dagen har difor blitt nytt innandørs - sett vekk frå ein svippomtur til legevakt og apotek.


Innimellom strabasane har eg dilla litt med symaskina. Ein kjole etter Alma har blitt forminska til ein kjole til dukka. Eit raskt og enkelt prosjekt med eit nokolunde ok resultat.


Kjolen er full av skjønne knappar og applikasjonar, og det er jo toppers med gjenbruk av plagg :)


I min søken etter inspirasjon på dukkekledefronten fann eg denne bloggen med mange "tutorials" for "how-to-make-doll-clothes". Resultatet vart denne kjolen, sydd av eit gammalt babydynetrekk frå stofflageret :) Borrelåslukking i ryggen gjer det enkelt ved stadige klesskift.


Eg kom også over sida til Germandolls på Flickr, som altså lagar dei skjønnaste dukkeklærne og minidukkene i verda. Stikk inn og kikk du også.

Som de kanskje skjøna av det første bilete i dagens innlegg, er eg i gong med eit nytt restegarnsprosjekt. Desse er omsider ferdige, og etter å ha funne dei fantastiske vottane her, måtte eg berre setje i gong.  Først ut er vottar til Alma. Gutane i huset er ikkje så glad i vottar, så det spørs om eg ikkje skal lage eit par til meg også til slutt.


På oppussingsfronten går det ubeskriveleg sakte på fram. Me byrja først med å sparkle over strietapeten på veggene, men du og du kor vanskeleg det er å få det jamnt og fint. Her må det nok mange repeterte sparkle, tørke, pusse økter til. Mellom skapdørene enda det med at me fjerna tapeten for å få best mogeleg resultat. Akkurat nå ser store delar av veggoverflatene i gangen derfor slike ut. Aj aj aj, her ventar det timesvis med pussing, gitt:


Golvet i gangen var i grunnen hovudårsak til at me sette i gong med oppussing her. I fare for at enkelte besvimer av sjokk viser eg under tvil før-bilete over korleis det såg ut ;) : 


Det brunfarga filtteppet er heldigvis historie. For sjølv om veggene langtifrå er ferdige, har me fått nytt golv på plass. Me hadde besøk av nokre flittige golvleggjarar her ei helg, og då benytta me sjansen til å få litt hjelp. Gulvet er Markland frå Ikea, og eg blir meir og meir glad i det. Eg frykta at det kom til å vere skamglatt, sidan det har høgglansa overflate, men det er rett og slett ikkje eit problem i det heile. Så snart vegger og listverk er på plass, trur eg det vert finfint.


 Overgang mellom bad og ganggolv før:

 ...og overgang mellom bad og ganggolv etter. Og der fekk eg jammen vist fram nymalte skapdører på badet også ;) (skapdørene var før bøkefarga, men er nå mørkegrå).


Som du forstår, er me i full gong med oppussing både her og der. Progressjonen er berre så ubeskriveleg treig, he he. Men det er om å gjere å ikkje stresse, ikkje kave og heller nyte livet litt - ikkje sant?

Om du framleis heng med i dette milesvis lange innlegget, vil eg benytte anledningen til å ynskje deg ei flott komande veke. 
Klem frå Linda

lørdag, mars 12, 2011

Ordfattig, men blid









Ha ein super lørdag!!

mandag, februar 28, 2011

På stell

 I ettermiddag har eg kosa meg med å setje på plass ting og tang i skapet på badet. Klarar ikkje vente til helga igjen med å ta skikkelege bilete i dagslys, så de får kornete uskarpe bilete servert i dag.


På badet har me to innebygde romslege skap, som vart kvitmalte inni då me flytta inn for tre år sidan. Nå var kvitfargen gulna såpassa at det vekte stor irritasjon hjå meg. I tillegg var behovet for ei skikkeleg opprydding stort som de kan sjå. Det er under tvil eg legg ut desse bileta som syner at kaoset rådar bak lukka dører her i huset ;)


Eg ville finne ein anna farge ein kvit (kvit oljemaling gulnar alltid) og landa på mørekgrått. Ikkje verdas mest spenstige fargeval, men fargen passar svært godt til dei gråe gulvflisene.  Fargen er dessutan nøytral og tidlaus - slikt likar me.

 
I kjøkkenavdelingen på Ikea fann eg desse kvite boksane i hardplast. Eg kjøpte to ulike storleikar, trur den minste kosta 25 kr og den største 45 kr. Billige og fine :) I håp om at det nyoppretta ordenssystemet skal oppretthaldast framover i tid, vart boksane merka med dymotape. Det er så godt når det er på stell i skuffer og skap, ordensmenneske som meg er får sjelefred av slikt ;)


Dette armbandet frå Snö of Sweden fekk eg forresten til jul, og eg syns det er fantastisk fint. Nå fekk eg jammen vist det også fram, he he.


Badet er langtifrå ferdig. Eg har lyst til å male frontane på baderomsmøblementet, samt dekorere skapdørene på dei innebygde skapa med litt tekst. Deretter står gangen utanfor for tur. Digert spann med sparkel er kjøpt inn for at me forhåpentlegvis skal klare å kvitte oss med litt strie-look på veggene.


Ha ein fin mandagskveld der ute.

Eg er snart tilbake :)
Related Posts with Thumbnails