To av våre elskede småfear har astma, og me har kome fram til at me skal kjøpe juletre i plast i år.... Helsa til elsklingane går jo sjølvsagt framføre estetikken, og eg legg vekk alle mine fordommar utan å måtte blunke.
I den samanheng har eg eit spørsmål til deg. Kor kjøper eg dei finaste falske juletrærne, og har du til og med sett nokon gode tilbod i det siste? Aller helst skal treet ikkje sjå så veldig sånn perfekt amerikansk julete ut, meir som ei gresen gran frå dei djupe norske skogar, he he. Akkurat det vert nok vanskeleg ser eg for meg. Men som sagt - har du gode tips til meg, så vert eg jublandes glad :)
Nå skal eg og eldstemann ut for å handle litt julegåver heilt på tampen. Han vil bruke litt oppsparte midlar på gåver til oss andre i familien, så det vert koseleg.
Ha ein fin fin kveld!
PS! Bildet er lånebilde frå Country Living.
tirsdag, desember 21, 2010
søndag, desember 19, 2010
Koooooseleg lag
Eg og Bodil Bo har kjendt kvarandre heile livet. Gått på barne- og ungdomsskule, samt gymnas saman. Feriert saman og budd saman i ymse kollektiv. Nå er det utruleg kjekt å sjå at ungane våre finn tonen, trass i at dei ikkje møtast så ofte som ein ynskjer.
I dag svinga me innom Bodils heim på vegen tilbake frå ei herleg familiehelg på Halsnøy. Der fekk me boller og brus og masse anna godt. Nydeleg julemusikk, masse lått og løye, masse inspirasjon og ikkje minst Bodils uforgløymelege førjulsdanseshow ;) Godt å kjenne seg sliten i smilemuskulaturen.
Bodils heim bugnar like raust og herleg som personlegheiten hennar. Eg har funne ut at eg/me har det alt for tomt og sterilt, he he. Så snart han her vesle krabaten er over sin verste sleng-alt-i-gulvet-alder skal ting fram frå skuffer og skap gitt :)
Butikkane i distriktet bugna av herlege ting. Endeleg fekk eg tatt turen innom den vakraste eg har vore innom nokon gong, nemleg Frk. Lande. Her kjøpte eg meg denne superskjønne God Jul mugga frå BRUKA. Den skal brukast til både gløgg, kakao og mjølk dei neste vekene :) Søren at eg ikkje kjøpte fleire - ville jo ha vore perfekte venninnegåver.
Nå må klær og utstyr ryddast på plass, matboksane finnast fram og finskjortene strykast. Er ikkje juleferie heilt enno :)
Ha ein fin søndagskveld og ei flott kommande veke!
PS! Tusen takk for ubeskriveleg kjekk respons på Dagbladets kåring. Eg har lese kommentarar til den store gullmedalje og er heilt varm innvendig av alt det kjekke de skriv. Tuuuuuusen takk!
fredag, desember 17, 2010
Glede
Så var det offisielt, eg vann Dagbladet og Kulørs interiørblogg kåring som Årets Beste Interiørblogg. Herliga London, meg liksom :) Lukkeleg glad, men samstundes litt tilbakehalden - den teite janteloven sit jo godt forplanta i systemet. Fokuserer på det positive og konstaterer at det er kanongøy å få ei slags anerkjensle for ein tidkrevande skamkjekk hobby. Tusen takk til alle dåko som har stemt på meg :) Velkommen til deg som kanskje har funne vegen inn her for første gong via Dagbladet.no.
Dagbladet Søndag viser eit intervju og ein slags heime-hos-reportasje nå førstkommande søndag, men du kan tjuvstarte med å lese her :)
Denne helga er eg og dei tre små håpefulle på førjulsbesøk hjå mamma. Kjempekoseleg :)
Ha ei fin fin helg då!
Tudeluuu :)
torsdag, desember 16, 2010
Ubeskriveleg kjekt
Blogging medfører fantastisk masse kjekke ting og tang. Ein av desse kjekke tinga er at eg innimellom får utruleg kjekke pakkar i posten. På tirsdag kom ein pakke som fekk gledestårene til å renne nedover kinna mine.
Snille, gode Monja frå Sweet Memories har sendt meg ei førjulsgåve som takk for at eg skreiv så fint om skålene frå RICE. Skåler som eg vann i NIB sin påskepyntkonkurranse. Skulle då berre mangle at ikkje eg viste min takknemlighet gjennom eit blogginnlegg, så at eg i tillegg fekk pakke må eg sei var ei superduper kjekk overrasking. Og du og du for ein pakke som kom. Den er sååååå meg, den er berre heilt perfekt. Kanonfin duk med epler på, KUSMI-te, englespill og verdas finaste nøtteknekkerfluesopp.
Monja, eg er så glad at eg knapt veit kva fot eg skal stå på. Tusen hjartleg takk!
Monja, eg er så glad at eg knapt veit kva fot eg skal stå på. Tusen hjartleg takk!
Og når me først er inne på Sweet Memories... så hadde eg tenkt å tipse dåko om nokre perfekte venninne-julegåver. Skålene eg nevnte ovanfor er dei mest brukte skålene her i huset, dei er i bruk kvar einaste dag. Uknuselege og toler varme - blir brukt til alt frå middagsrestar, til godteri og til og med til oppbevaring av perler.
Dette stempelsettet står på mi ønskeliste:
Slike krus med mønster frå Orla Kiely er vel dei tøffaste i verda, eller?
Og sist, men absolutt ikkje minst. Dette nøkkelfuglehuset har eg beundra i lang tid. Billig er det også, og matchar både utedør og dørmatte, he he. Husa finst med fuglar i alskens fargar, så ta turen innom for å finne din favoritt.
Om ei veke er det vesle julafta. Herlighet - ein kan få hjarta i halsen av å tenke på alt ein bør få gjort - både på jobb og på heimebane. Derfor bremsar eg ned tempoet, og planlegg ein kveld der eg skal pakke inn fleire gåver, høyre på julemusikk og kanskje spele sjakk med Herr Fe :)
Ha ein fin kveld du også :) klem klem
onsdag, desember 15, 2010
Roma vart ikkje bygd på ein dag
Ei heller vår mini-pini-pepperkake-by. Me kosar oss veldig med ferdig pepperkakedeig, melisglasur og pynting så snart me har anledning. Kvifor styre med andre kjeks og kaker, når ingen av dei vert spist og endar opp som fuglemat i januar, hi hi. Dette er siste ferdige hus så langt. Pynta av meg på eine sida...
Og av Alma på andre sida ;) Me har fleire hus på teiknebordet. Samson har bestilt eit hus som han skal pynte med blå pynt, og me skulle hatt både uthus, stall og utedo... Så dette innlegget er altså i To-Be-Continued-kategorien, hi hi. Det hadde også vore glimrandes om me rakk lage mange små hus som førjulsgåver til kjære "tanter" og frøken, men det spørs...berre 9 dagar igjen nå.
Alma har på seg ei fantastisk fin jakke frå Tina Wodstrup kjøpt hjå Sam & Sofie. Både eg og jentungen elskar jakka, så den går i skytteltrafikk mellom bruk og vaskekjellar for tida. Skal prøve å få tatt bilder der de ser den betre ein anna dag :)
Før du stikk vidare har eg lyst til å tipse deg om nokre fantastisk kjekke bloggar og innlegg eg kom over ein kveld:
Sjekk desse fiiiine pepperkakene her.
Eg gjestar Girl of Norway her.
I dag har goajento Kristina på Stord bursdag. Gratulerer knallmasse med dagen din, Kristina. Dagen har blitt feira i tre dagar nå, og fantastiske bilder finn du her.
Håpar du har hatt ein fin onsdag så langt!
See you :)
tirsdag, desember 14, 2010
Oh deer ;)
Dådyr/Bambi-temaet er vel heitare i interiørmotebildet enn nokon gong før. Hin dagen oppdaga eg ein ny knallfin interiørbutikk her i Stavanger. Ein butikk proppa full med fine ting frå merker som Ferm Living, By Nord, House Doctor og liknande. Butikken heiter Kull og fins på Tvedtsenteret (like i nærleiken av Babyshop). Eg kjøpte med dette Dådyr-kjøkkenhandkleet frå By Nord. Eit kjøkkenhandkle som raskt vart omforma til eit putetrekk. Klippe litt her, klippe litt der. Sy ein saum her og sy ein saum der. Pluss ein her og der, og vips ny pute i hus :)
Heitt i interiørmotebildet og heitt hjå Feen. Desse serviettane frå Kremmerhuset måtte eg berre sikre meg mange av - dei vert kjempekoselege å dekke bordet med i jula. Du og du kor eg gledar meg nå :)
I det siste har eg fått knipsa bilder av ein fantastisk kjekk pakke eg har fått i posten, og nye byggverk i pepperkakedeig. Men må spare bildene til fleire innlegg sidan det er smått med tid og dagslys for tida.
Ha ein fin kveld.
Klem frå Linda med lilla hår - huff og huff :)
søndag, desember 12, 2010
41 komma 5 centimeter
Eg kom på at eg har gløymt å vise dåko årets adventskrans her i huset. Adventsstaken fekk eg for maaaange år sidan av min supersnille bestevenn i Sandefjord. Lurer på om han kjøpte den på Nr.9 eller på ein av dei andre kjekke butikkane der.
Staken er genial, for alt etter kva ein pynter den med så endrar den utsjånad. I år har den fått eit lag med buxbomgreiner rundt kanten (festa med blomsterstreng), nokre fluesoppar på streng, nokre fuglar på streng og ikkje minst: Bambifamilien som sentralt midtpunkt :) Bambiane var eit QXL-kupp i si tid, og fuglane og fluesoppane var del av eit loppemarkedkupp i Bergen.
Som vanleg glimrar levande lys med sitt fråvære. Men sidan vår aller minste søte små ser ut til å ha pyromaniske tendensar må me vente med den slags til han er i seng, eller trygt plassert i Trip-Trap'en ;)
Ei koseleg og hektisk helg har flydd i fykens fei. Frk. Amaryllis sprang ut i full prakt i går, som ei slags velkomsthelsing til helgebesøket vårt. Her er det størrelsen det kjem an på gitt. Kvar ein millimeter tel. Den har blitt målt om att og om att i dag formiddag, og lengda i all sin stas er og blir 41, 5 cm. Hyggelege Hjørdis hadde tippa riktig i år:
Eg tippar at blomen opnar seg på 41,5 cm!
Ha ei god førjulstid!
Hjørdis
Ha ei god førjulstid!
Hjørdis
Gratulerer kjempemasse til deg :) Send meg adressa di i posten så rekk eg sende deg ein pakke til jul :)
Nå tenkte eg å byrje julegåveinnpakkingsprosessen. Har mista litt oversikten her, og det skal bli godt å få oppdatert listene over kven me er ferdige med og kven som må prioriterast framover. Takk og lov for at butikkane nå har utvida opningstidene sine til kl 22 :)
Tudelu :)
torsdag, desember 09, 2010
Mi trufaste hushjelp
Eg kom sånn til å tenke på bildet over frå dette innlegget, då eg såg gjennom bildene frå forrige helg. Me tok ein grundig husavask på søndag, og Alma er med på det som skjer. Jif-sprayen og kluten er noko av det kjekkaste ein kan halde på med. Skitten i klærne og rundt truten etter risbollebakst og etterfølgjande smaking, men like herleg og blid som for to år sidan :)
Alma vår forrige helg, 2010
Det har ikkje blitt tid til mykje blogging i veka som straks er over, men håpar å få tatt litt igjen nå i helga. Me ventar familie på besøk - JIPPI - og planlegg å kose oss maks ilag :) Ha ei fin helg du også!
mandag, desember 06, 2010
Welcome to the jungle ;)
Tusen takk for fantastisk kjekk respons på pepperkakehusinnlegget i går. Eg er overvelda og glad, og ikkje minst varm om hjarta :) Neste gong eg er heime hjå mamma, skal eg ta bilder av pepperkakehuset i hennar gamle kokebok. Det er nemleg pynta med snirklar og krøller, slik ein også kan sjå i Knas-boka.
Eg er ikkje heilt ferdig på pepperkakebaksten for i år. Eg kom nemleg på at eg kjøpte inn slikkepinnepinnar på hobbybutikken for ei tid sidan, for det er jo superskjønt med pepperkake-kjærlighet-på-pinne. Blir i grunnen spennande å sjå om me rekk lage det. Ettermiddagane har ein tendens til å gå med til juleavslutningar både her og der. Superkoseleg, men travelt :)
Epla-butikken er omsider oppdatert med ting me har hatt liggande vel og lenge. Herr Fe har vore nede for telling etter influensaen kom i hus, og det har ikkje blitt laga noko dei siste vekene. Men har du lyst til å kjøpe veggdyr, jungeldyr eller noko anna i julegåve, kan du jo stikke innom og sjå kva som ligg ute nå :)
Min gode kreative kollega har også starta Epla-butikk. Stikk innom han også, og sjå alt det fine han har for salg :)
Nå er det på tide å ta kveldens oppshining av kåken, men først: gløgg i koppen og ein aldri så liten surferunde rundt til dåko andre :)
Klem frå Linda
søndag, desember 05, 2010
Pepperkakehuset vårt
Her kjem som tidlegare annonsert eit bilderas av pepperkakehuset vårt som vart laga i går kveld. Det har nokre skjønnheitsfeil både her og der, men det vart som det vart får'n sei.
Rundt huset har eg strødd kokos, og enno manglar alle smånissane som skal flytte inn i og rundt huset. Berre eit einsleg lam bur i hagen.
Til huset har eg som vanleg brukt melisblandinga frå Knas-boka. Det er mange som lurer på kva kremortartaris er. Det er noko ein visstnok får tak i på apoteket. Men eg har aldri fått tak i det, og lagar blandinga av stivpiska eggekviter, melis og natron. Funkar som berre juling det, men eg har kanskje ekstra mykje melis i. Blandinga skal ikkje renne.
Eg er ingen pepperkakebakstguru, men har lært meg nokre tips opp igjennom åra (lagde mitt første hus i 17-års alder tippar eg).
Steik delene lenge - heilt til at det grensar til at dei er brende. Då sig ikkje huset saman.
Det er pirkete å skjære ut rutene til vindu, denne gongen stakk eg dei ut med ein firkanta lebestiftkork...
Eg dekorerer alltid huset først, og limer saman etterpå. Det går kjempefint, for melisblandinga vert knallhard når den har tørka. Når huset er ferdig samanlimt, lesser eg på med melisblanding langs taket og på kantane, slik at det liksom skal vere snø som ligg tungt over taket.
Mitt beste tips når det gjeld pynting, er å klippe pittelite hol i plastposen ein har melisblandinga i. Jo tynnare "sprut", jo lettare å lage snirklete strekar. Hjerter, prikkar og snirklar og strekar med snirklar på endane er fine på hus. Masse lukka til!!!
Sidan altandøra fører ut i bakhagen, som av naturlege årsaker ikkje er i bruk lengre, har eg plassert huset midt framfor døra oppå det gamle bordet etter farmor. På vindauga har me hengt opp trær som dei to eldste klypte ut av papirrestar i dag.
Ein herleg dag, og ei god helg er straks over. Eg skal bruke kvelden på å rydde på plass alt etter kaoset som oppstår når ein bakar, dekorerer, vaskar, og tyt i telefonen om ein annen :)
Ha ein fin kveld du også!
lørdag, desember 04, 2010
Litt her og litt der
Smått om sen dukkar det opp litt julepynt her og der, inne og utanfor. Ein ettermiddag i forrige veke pynta dei søte små og eg leikehuset i hagen til jul. Det var ein heller kald seanse, så eg trur me brukte knappe fem minutt på pyntinga. Brrrrr. Tredukkene på bildet over er mange år gamle, og er eit slags Carl Larson produkt så vidt eg hugsar. Emma og Peter heiter dukkene, og nå har dei flytta inn i leikehytta. Der står dei vindauga og stirrar ut på frosten.
To minijuletrær vart med heim i IKEA-posen hin dagen. Eit til trammen og eit til pynt inni hytta. Den rustne lykta over har sett sine betre dagar, men den lyser vanvittig fint i mørkret, og eg klagar ikkje kvitte meg med den :)
Skal berre få på plass igjen den raude postkassa nå, så er alt på stell her ute til jul.
Det er straks andre søndag i advent. Planane for dagen så langt er å lage risbollar, slappe av og kanskje få tatt bilder til julekort...Er stadig overgidd over kor vanvittig fort vekene fyk. Hjelpe meg, det er berre ei veke til tredje søndag i advent, og eg kan tenke meg at også den dagen er her på eit blunk. Korleis er det med deg, er du i rute med julegåvekjøp, julepyntning og ikkje minst førjulskos?
Ha ein flott søndag, eg er kanskje tilbake med eit innlegg i kveldinga. Har ferdig pepperkakehus, serru *smil*. Tudeluuuuuuuuu :)
Englar dalar ned i skjul i år også ;)
I går kveld hadde eg juleverkstad med småfeane og ungane i nabohuset. Kjempekoseleg, og alle materialene var berre ting me hadde frå før. Eg har tatt vare på silkepapir, glitter og dill dall i åra som har gått med tanke på slike førjulsstunder. Kjekt å få brukt opp litt.
Engleglansbildene er like dei eg hadde i barndommen, og vart kjøpt inn i fjor for å lage englar som dette. I fjor kom eg ikkje så langt, men i år slo eg til.
Dei kvite englane er kopi av nokre eg såg blant gammal julepynt til salgs på QXL. Enkelt og greit laga av kopipapir frå Clas Ohlson, glans, litt broderigarn, lim og glitter. Den rosa engelen har englevinger frå Panduro (trur det var der eg kjøpte dei ein gong).
Nå heng englekoret i House Doctor kruna og skuar ut over heimen ;)
I dag har me fortsatt pepperkakebaksetn frå forrige helg. Årets pepperkakehus er ferdigsteikt, og kanskje får de sjå ferdig resultat i morgon.
Det var ei søt dame frå Bergen som etterlyste bilder i dagslys av dei grå sofaene, og desse bildene er til ære for deg, kjære :) Som de kan sjå, er det ikkje julepynta for fullt her enno, men litt sig på plass sånn litt etter litt :)
Ha ein super lørdag :) klem klem
onsdag, desember 01, 2010
Perfekte julegåver
Her har å god gammal stil hatt meg ein runde på Etsy og søkt etter inspirasjon og gode gåveidèar. Eg delar nokre av funna med deg :) Velbekomme!
Fantastiske fargeblyantar forma som små pusekattar finn du her hjå Kittybblove.
Fargeblyantar forma som robotar er genialt for dei som syns pusekattar vert litt for barnsleg og flaut, hi hi. Dei finn du hjå LilDoodlers.
Verdas skjønnaste små nissar med små statements finn du her hjå Humblebea.
Mønster til desse herlighetane finn du her:
Verdas skjønnaste hue kan bestillast her.
Verdas skjønnaste postkort hjå Humblebea:
Ha ei riktig god natt :) Tudeluuu :)
Fantastiske fargeblyantar forma som små pusekattar finn du her hjå Kittybblove.
Fargeblyantar forma som robotar er genialt for dei som syns pusekattar vert litt for barnsleg og flaut, hi hi. Dei finn du hjå LilDoodlers.
Verdas skjønnaste små nissar med små statements finn du her hjå Humblebea.
Mønster til desse herlighetane finn du her:
Verdas skjønnaste hue kan bestillast her.
Verdas skjønnaste postkort hjå Humblebea:
Ha ei riktig god natt :) Tudeluuu :)
Bravo 470
For ei tid sidan mottok eg denne e-posten her frå Leger uten grenser:
Hei Linda,
Har du lyst til å blogge for en god sak?
Bravo 470 har tjenestegjort for Leger Uten Grenser i Malawi, og tilbringer pensjonisttilværelsen i Norge. Oppdraget er å få henne (Bravo er ei dame:) fra Nordkapp til TV 2s Artistgalla for Leger Uten Grenser i Oslo innen 4. desember. Der skal bilen nemlig gjøre sin scenedebut!
Se musikkvideo for Artistgalla her:
Bilen kjører også innom Stavanger 1. desember og det hadde vært strålende om du ville møte henne og skrive om det på din blogg? Sjekk kjørerute og les mer på bloggen eller på facebook .
Underveis skal vi vise frem Norges minste mobile utstilling om vårt arbeid i felt for å redde liv og lindre nød.
Utstillingen finner sted i "Galleri Bravo 470" - dvs bak i bilen. Birger er kartleser, resepsjonist og kurator for utstillingen, og kan nås på XXXXXXX, e-post: XXX@XXX.no.
Kult om du har lyst å være med på dette!
Hilsen
Camilla
Eg svarte som sant er at eg SVÆRT gjerne kunne tenke meg å møte Bravo, kartlesar Birger og alle dei andre, men at eg ikkje har muligheten då eg er på jobb. I staden lova eg å skrive eit innlegg på bloggen om at bilen kjem til Stavanger I DAG og eg oppfordrar alle som har muligheten til å stille opp.
Ha ein fin onsdag.
Tudeluuu frå Linda
PS! For ordens skuld: innlegget er publisert fram i tid, slik at de ikkje trur at eg gjer dette i arbeidstida mi. Når ein skal publisere fram i tid klikker ein inn på Alternativer for innlegg -menyen som ligg like over Publiser innlegg-knappen. Der trykker du Planlagt og tastar inn dato og klokkeslett du vil ha innlegget publisert på. Trykk så på Publiser-knappen og innlegget vert nå automatisk pubilsert på den datoen og klokkeslettet du har satt.
Abonner på:
Innlegg (Atom)









































