Då eg for åtte år sidan starta bloggen, hadde eg kanskje ein fem-seks besøkande innom dagleg. Besøkstalet har stige jamt og trutt etterkvart, og i dag har eg kanskje rundt 3-4 tusen eller fleire innom dei dagane eg oppdaterer. Utruleg kjekt at så mange finn vegen inn her, og utruleg kjekt at eg kan nå ut til mange med ting eg har på hjarta. I dag er eg spesielt glad for å nå ut til mange, for å få hjelp til å støtte og for å få minne deg om å passe på deg sjølv.
I dag skal eg skrive om noko grav alvorleg - noko som ligg i bakhovudet og "plagar meg". Nemleg KREFT. Eg er livredd at nokon eg er glad i, eller at eg sjølv skal bli ramma av kreft. Kreft. Eg hatar kreft. Kreft er årsaken til at småfeane verken har farmor eller farfar. Kreft er grusomt, ja, sjukdomen er rett og slett forjævlig.
At barn i ulike aldrar får kreft er verre enn verst. Om to veker, altså den 15. februar, er det den Internasjonale Barnekreftdagen, og berre ordet får tårene til å renne her hjå meg. Du syns kanskje det er merkelege bilete eg har lagt til som illustrasjon til dagens innlegg, og skjønar ikkje samanhengen mellom Poul Pava dekorerte skåler og thermokrus og kreft hjå barn. Då kan eg fortelje deg at det er sjølvsagt ein samanheng mellom tekst og bilete. Dei avbilda produkta kan nemleg kjøpast i nettbutikken til s
tøtteforeningen for kreftsyke barn. Kjøper du desse fantastiske produkta, støttar du samstundes det flotte arbeidet som støtteforeningen legg ned. Eg syns både skålene og thermokrusene er knallfine, og har tenkt å bestille meg ei ladning til oss her i huset. Eg har i grunnen sjølvpålagt kjøpestopp på dilldall, men når det går til ein god sak er eg ikkje sein med å bryte mitt eige påbud, nei.

De har tidlegare fått høyre at eg mista pappaen min då eg var seks år gammal. I løpet av få år mista eg ikkje berre pappaen min, men også bestefaren min og ei utruleg snill tante brått og brutalt. Dette har gjort at eg i heile oppveksten min, ja heile livet som barn og vaksen har vore livredd for å miste andre eg er glad i. Eg ventar liksom berre på kor tid neste katastrofe skal inntreffe og ta frå meg nokon eg er glad i. Etter at eg fekk ungar har denne panikkaktige angsten utvikla seg til også å inkludere at eg er redd for at noko skal skje også meg. At ungane skal oppleve å miste mammo si som små, slik eg opplevde å miste pappaen min. Og slik søskenbarna mine opplevde å miste den fine mammo si. Denne angsten for at noko skal skje er heldigvis ikkje handlingslammande på noko slags måte, den berre ligg baki bevisstheten og ulmar. Kanskje gjer den ubevisst til at eg passar litt betre på meg sjølv? Ikkje veit eg, men nå har eg iallefall vore på mammografi.
Ein kirurg på kreftavdelingen på sykehuset anbefalar at damer byrjar med rutinemessige mammografiundersøkingar frå dei fyller 36 år. Nå er det over eit år sidan eg vart 36, men har iallefall omsider surra meg til å få tatt mammografi. Svaret kom hin dagen, og gjorde at skuldrene senkast ti hakk. Les du dette og er over 36 anbefalar eg deg til å ta mammografi du også - jo før ting oppdagast jo betre er prognosane! Pass på deg sjølv!
Her i Stavanger har det vore ein del velfortjent mediablest rundt fem venninner som har samla inn ein halv million kroner til kreftsaken i det siste. Tre nydelege jenter frå venninnegjengen er ramma av kreft, og i samband med arrangementet deira - Jenter sammen mot kreft-, har fotograf Arild Hjelm laga dette ubeskriveleg rørandes "slideshowet". Finn fram lommetørkleet og trykk på bildet for å sjå slideshowet du også. Måtte dei bli friske og raske alle tre!
God natt klem herifrå.