lørdag, februar 19, 2011

Reint


Så artig at det er mange som deler samme Skal-berre-diagnose som meg, det er godt å vite at ein ikkje er åleine rett og slett. Når det er sagt, så skal det innrømmast at eg øver meg på å bli mindre prega av "lidelsen". For eg slappar sjeldan av sidan eg heile tida berre skal nett gjere ditt og datt før eg set meg ned i sofaen, og det er jo ikkje bra i lengden å få så lite søvn. Men så er eg vel slik av personlegheit at eg ikkje klarar gå i gong med noko nytt før alt det andre er på stell, så det er ikkje så lett, nei :)



Men akkurat i kveld kan de tru at eg har fred i den husmormessige delen av sjela mi. Forrige helg rydda eg i alle klesskap, og i dag har eg rydda og vaska og skurt inni alle kjøkkenskap. Trøste og bære. Eg ser på meg sjølv som eit ryddig og reinsleg menneske som til stadighet vandrar rundt med støvkluten, men jammen santen låg det mykje rusk i skuffebotnane når alle matvarer vart fjerna, gitt. Det som var på grensa til pinleg mange makaroniar hadde for eksempel slått seg til ro under alle suppeposane. Nå er det reint og orden frå innerst til ytterst, og eg kan nyte det. Iallefall nokre dagar. Sååå herleg :)


Som de ser går det framleis i fargekombinasjonen lilla/isblått på kjøkkentilbehøret, eg blir ikkje lei den kombinasjonen der med det første ser det ut til.


Sidan huset er ryddig og på stell nett nå, så håpar eg på å få trødd i gong Elna igjen i morgon tidleg. Alma har bestilt fleire erteposar, dyner og madrasser til dukkene, og det trengs nye putetrekk på stoveputene. Er alle feberfrie og raske på foten i morgon, har me også lova dei små håpefulle akebakketur og/eller skitur med kakao i sekken i morgon.  Ja, for me satsar på at det kalde været held seg såpassa, at ikkje dei få centimetrane med snø, som me har fått, vert liggjande :)

Ha ei god natt og ein finfin søndag der ute!
Linda :)

fredag, februar 18, 2011

Eg skal berre syndromet og andre lidelsar


Kvar morgon når eg står opp sånn cirka fem over seks, så lovar eg meg sjølv at "i kveld, då SKAL eg legge meg seinast klokka ni". Når kvelden kjem vert klokka både elleve og tolv, ja kanskje til og med eitt, før eg sloknar på puta. Neste morgon er dei gråblå ringane under augene om mogeleg enno større, rynkene liksom grev seg djupare inn i huden og augene svir. Og det heile skuldast skal-berre-syndromet eg lid av. Det er liksom ikkje måte på kva eg finn på i tida etter at dei tre små har sovna, og fram til eg sjølv kryp under dyna. Det er ikkje til å stikke under ein stol at mykje tid vert brukt på å  
spade sand i Sahara,
som Emmeline så herleg omtalar husarbeide.  Eg skal berre nett vaske inni kjøleskapet, eg skal berre nett støvsuge, eg skal berre nett vaske nisteboksane osv. Nokon som kjenner seg igjen eller?


Når eg er ferdig med alle skal-berre-gjere-litt-mykje-husarbeide-greiene, så tar skal-berre-gjere-noko-kreativt, eller skal-berre-surfe-innom-den-bloggen.  
Klokka tikkar og går,
og plutseleg er eg så trøytt at eg skal-berre-stupe-i-seng. Og slik går dagane og kveldane. Ja, vekene rett og slett. I dag er eg ekstra trøytt i trynet og ekstra blå rundt augene, for seint i går kveld fekk eg for meg et eg skal-berre-sy-erteposar-først.


Alma går på turn, og der fekk dei leike med erteposar ein dag. Erteposane gjorde så stor suksess, at eg rett og slett sydde små posar fylt med erter til dei tre småfeane og alle turnvennene til Alma i går kveld. Nå kan dei trene seg med erteposar så ofte dei vil. Posane er sydd av supersøte stoffbitar eg har i samlinga. Mange er frå TAMO, nokre er frå Bare Wunderbar, og andre er herifrå og derifrå.


Gullgutane mine fekk sjølvsagt erteposar i meir guttete stoff. I kveld har eg og eldstemann øvd oss på å sjonglere og forbedre kaste-gripe-teknikken. Han syns det var knallkjekt, og då er eg ekstra glad i  mammahjarta mitt.


For dei to minste er det superløye berre å gå rundt med erteposen på hovudet , he he.


Sånn avslutningsvis skal-eg-berre-vise dåko ein ting.  Ja, og faktisk komme med ei innrømming. Eg har brote mitt sjølvpålagte kjøpeforbud på ting og tang.Uff og uff.


Desse skålene kostar 19,90 kr på Europris, og eg klarte rett og slett ikkje motstå dei lengre. Første gong eg såg dei var eg sterk og passerte dei med strake bein. I går derimot, då var eg svak og skjelven i knærne og før eg visste ordet av det hadde eg grabba med meg alle skålene dei hadde igjen i rosa og lilla. Dei hadde latte-krus og småskåler i samme serie. Såååå skjønne. Som de kan sjå, er det framleis erter igjen i hus, mon tru om det ikkje må syast enno fleire erteposar ein kveld eg får det for meg.


 Ha ei fin helg der du er. Pass ekstra godt på dei du er glad i. 

Klem frå Linda

onsdag, februar 16, 2011

Kulørt

I samband med kåringa eg vann som årets interiørblogger 2010 i Dagbladet Søndag (kåra i samarbeid med fargekjeden Kulør) har eg svart på nokre spørsmål og sendt over nokre bilete. Datakræsj og ekstremt travle tider på jobben får ta skulda for at utvalet av bilder vart litt sånn så som så i innlegget :) De kan lese innlegget her.

Sånn ellers har eg surfa litt rundt igjen i kveld. Nå har eg kome over eit merke som eg tippar vert å sjå i mange interiørbutikkar framover, sjekk berre desse ultrafine produkta her (merket er Rex Inter):
LED fluesopp nattlyslampe på batteri
Campingvogn dørstoppar



 Glass og etikettar til å lage fine syltetøyglass. 

 Du finn masse fleire råfine ting i frå Rex Inter for eksempel her.
Og sånn ellers så fall eg såååååå pladask for desse koffertane frå franske Lalè. Gubbevaremegvel. Ein slik ein og to MÅÅÅ eg ha ein vakker dag :)

Jepp, det var nok eit uinspirert innlegg frå denne kanten, ha ha. Eg håpar på å auke kvaliteten og hyppigheten på innlegga mine framover - det er lov å drøyme ikkje sant?

Ha ei fortsatt finfin veke, er jammen meg snart helg igjen gitt.
Linda :)

Eit lite skotips


Eg kjem berre med eit aldri så lite tips om at eg oppdaga at verdas finaste lilla støvlettar, omtalt i dette innlegget, nå er på halv pris inne hjå Sam og Sofie. Er jo farleg for meg, eller iallefall kontoen min, å stikke innom barneklærbutikkar, men nå får eg liksom dekka litt av kjøpesuget mitt ved å tipse dåko andre ;)

Ha ein triveleg onsdag!
Ciao :)

tirsdag, februar 15, 2011

Bunny Love


Kveldens vesle surferunde enda som så ofte før innom ETSY. Eg elskar ETSY rett og slett. Det er lite anna eg vert så inspirert og kreativ glad av som ein liten runde innom der. Kveldens søkeord var bunny (hugs å hake av for All Items), og sjå alt det søte som dukka opp:







Tudelu :)

mandag, februar 14, 2011

Og jula varer helt til påske ;)


Beklagar manglande oppdatering her inne for tida, men eg er råka av alvorleg drittlei-bloggen-virus. På dagtid fyk kvart minutt til jobb, fritidsaktivitetar og kos med ungane. På kveldstid drar eg beina godt oppunder meg i sofakroken og kosar meg med film, strikketøy og Herr Fe.  Eg ofrar bloggen knapt ein tanke, og det er i grunnen veldig deilig :)


I kveld fekk eg derimot lyst til å vise dåko eit minipiniprosjekt eg har fullført. For å fyr i omnen brukar me tennbrikker, som eg syns er ei genial oppfinning. Boksen tennbrikkene finst i er derimot ikkje av dei finaste boksane på jord. Eg har derfor tapetsert boksen med ein lekkersmekker tapetrest eg var så heldig å få i posten av KristinR. Nå vart boksen brått endra til eit lite dekorelement - så gøy. Hadde eg hatt fyrstikkesker liggande hadde eg jammen tapetsert ei av dei også i samme stil, men det får bli ved eit anna høve.


He he, det er vel fleire av dåko som trur det har rabla for meg når eg sette ungane i gong med pepperkakedeig og kakeformer i helga. Det har seg slik at dei to eldste elskar å bake pepperkaker, og då dei fann ein boks med kjøpedeig i skapet vart dei yre av begeistring.


Her i huset luktar det altså jul i huset i midten på februar, men så lenge ungane er lukkelege, og eg får meg nokre minutt med beina høgt i sofaen (minstemann sov), er det meste lov. I motsetjing til før jul, viser ungane særs lita interesse for å ete kakene, hi hi. Kanskje like greit å vente til november/desember med neste ladning?


Både morsdag og valentinesdag har passert utan at eg har fått gratulert dåko med dagen - Håpar alle har kost seg desse dagane, slik som eg har gjort.

I kveld bles det meir enn eg likar ute. Det høyres omtrent ut som om det er orkan i kasta. Huttemegtu.  Takpappen er flerra av leikehuset til småfeane, og eg er redd heile taket skal lette og fyke av gårde. Lurer meg på om eg ikkje må ut på ei lita befaring før eg legg meg for natta :) Det er ikkje så nøye med takpappen egentleg, for me har planlagt å legge nytt skikkeleg tak på hytta, berre at nå vert det prosjektet framskunda litt i tid. Nei, som eg bablar, eg må komme meg i seng :)


Ei finfin veke til deg som stikk innom her, og ei riktig god natt!

søndag, februar 06, 2011

Mission impossible


Eg har forsøkt i to dagar å få tatt bilete av den nyhekla hua til junior - eit bilete der hua er i fokus og der ein ser tydeleg korleis hua ser ut på. Hi hi, det er lettare sagt enn gjort skulle det vise seg. Minstemann er ein aktiv kar som ikkje har tid til å stå i ro for å bli fotografert. Ja, som de ser vert han rett og slett sint når eg fylgjer etter han med kameraet.


Snuppilure, eller Pippi som ho føretrekk å verte kalla, er derimot ein enklare modell å ha med å gjere.


Den urolege modellen nærmar seg i bakgrunnen, og eg augnar ein mogelegheit til å få tatt eit bra bilete...


Ajajaj, nå er det rett før eg får eit bilete som ikkje er ute av fokus... Stå i ro å kose med dadda nå, knips, knips, knips...


Sjå der, ja, der "fanga" eg han :)


Ville du aller helst ha sett knappen, sa du mamma? Sjå nå, mamma, nå kan du knipse bilde der knappen viser. Ikkje bry deg om at hua er litt sånn på "halv åtte" ;)


Hi hi hi,  dadda tøyser og tar hua si også på "halv åtte". Åh, så kjekt me har da :)

 Ha ein god søndag *smil*.

PS! Vatn går ned på høgkant så lenge ein piffar drinken opp med eit sugerøyr og to. 

fredag, februar 04, 2011


Plutseleg kom den tilbake - heklelysta mi. Ei hue til Simon vart til seint i går kveld. Dekorert med ein knallfin gammal knapp. Alma har bestilt seg ei hue i rosa garn (bombe), så eg håpar motivasjonen varer tilstrekkeleg lenge til å få ei ferdig til henne også. Samson er ikkje så begeistra for heimehekla huer lengre, han fekk vel overdose som liten, stakkars ;)


Eg har pålagt meg sjølv innkjøpsstopp for pynteting og dill i det nye året. Prøve å senke forbruket, prøve å dra litt mindre ting heim til gards og prøve å auke sparekontoen litt. Draumen er å ta ungane med til syden til sommaren. Godt med sol og varme og godt med symjetrening. Då må det både sparast, slankast og trenast først ;)


Men det er ikkje alltid eg klarar halde meg i skinnet, he he. Desse matboksane frå Koziol har eg vore på jakt etter i laaaaang tid. Sidan eg aldri høyrte noko frå butikken inni byen som lova ta dei inn til meg, var eg rask på tastane då eg kom over dei i den herlege butikken MUSHROOM.  Finst ikkje finare matboksar faktisk. Eg kunne lett ha kjøpt mykje meir i butikken, så sånn sett klarte eg faktisk å halde meg litt i skinnet likevel. Ikkje verst, he he.


Nå er pannekaker med tilbehør straks klart til middag. Alle fem er heime under samme tak. Herleg med helg! Ha ei fortreffeleg god helg og ein fin fredagskveld.
Klem frå Linda

onsdag, februar 02, 2011

Å hjelpe

Då eg for åtte år sidan starta bloggen, hadde eg kanskje ein fem-seks besøkande innom dagleg. Besøkstalet har stige jamt og trutt etterkvart, og i dag har eg kanskje rundt 3-4 tusen eller fleire innom dei dagane eg oppdaterer. Utruleg kjekt at så mange finn vegen inn her, og utruleg kjekt at eg kan nå ut til mange med ting eg har på hjarta. I dag er eg spesielt glad for å nå ut til mange, for å få hjelp til å støtte og for å få minne deg om å passe på deg sjølv.

I dag skal eg skrive om noko grav alvorleg - noko som ligg i bakhovudet og "plagar meg". Nemleg KREFT. Eg er livredd at nokon eg er glad i, eller at eg sjølv skal bli ramma av kreft. Kreft. Eg hatar kreft. Kreft er årsaken til at småfeane verken har farmor eller farfar. Kreft er grusomt, ja, sjukdomen er rett og slett forjævlig.

At barn i ulike aldrar får kreft er verre enn verst. Om to veker, altså den 15. februar, er det den Internasjonale Barnekreftdagen, og berre ordet får tårene til å renne her hjå meg. Du syns kanskje det er merkelege bilete eg har lagt til som illustrasjon til dagens innlegg, og skjønar ikkje samanhengen mellom Poul Pava dekorerte skåler og thermokrus og kreft hjå barn. Då kan eg fortelje deg at det er sjølvsagt ein samanheng mellom tekst og bilete. Dei avbilda produkta kan nemleg kjøpast i nettbutikken til støtteforeningen for kreftsyke barn. Kjøper du desse fantastiske produkta, støttar du samstundes det flotte arbeidet som støtteforeningen legg ned. Eg syns både skålene og thermokrusene er knallfine, og har tenkt å bestille meg ei ladning til oss her i huset. Eg har i grunnen sjølvpålagt kjøpestopp på dilldall, men når det går til ein god sak er eg ikkje sein med å bryte mitt eige påbud, nei.


De har tidlegare fått høyre at eg mista pappaen min då eg var seks år gammal. I løpet av få år mista eg ikkje berre pappaen min, men også bestefaren min og ei utruleg snill tante brått og brutalt. Dette har gjort at eg i heile oppveksten min, ja heile livet som barn og vaksen har vore livredd for å miste andre eg er glad i. Eg ventar liksom berre på kor tid neste katastrofe skal inntreffe og ta frå meg nokon eg er glad i.  Etter at eg fekk ungar har denne panikkaktige angsten utvikla seg til også å inkludere at eg er redd for at noko skal skje også meg. At ungane skal oppleve å miste mammo si som små, slik eg opplevde å miste pappaen min. Og slik søskenbarna mine opplevde å miste den fine mammo si. Denne angsten for at noko skal skje er heldigvis ikkje handlingslammande på noko slags måte, den berre ligg baki bevisstheten og ulmar. Kanskje gjer den ubevisst til at eg passar litt betre på meg sjølv? Ikkje veit eg, men nå har eg iallefall vore på mammografi.

Ein kirurg på kreftavdelingen på sykehuset anbefalar at damer byrjar med rutinemessige mammografiundersøkingar frå dei fyller 36 år. Nå er det over eit år sidan eg vart 36, men har iallefall omsider surra meg til å få tatt mammografi. Svaret kom hin dagen, og gjorde at skuldrene senkast ti hakk. Les du dette og er over 36 anbefalar eg deg til å ta mammografi du også - jo før ting oppdagast jo betre er prognosane! Pass på deg sjølv!


Her i Stavanger har det vore ein del velfortjent mediablest rundt fem venninner som har samla inn ein halv million kroner til kreftsaken i det siste. Tre nydelege jenter frå venninnegjengen er ramma av kreft, og i samband med arrangementet deira - Jenter sammen mot kreft-, har fotograf Arild Hjelm laga dette ubeskriveleg rørandes "slideshowet". Finn fram lommetørkleet og trykk på bildet for å sjå slideshowet du også. Måtte dei bli friske og raske alle tre!

God natt klem herifrå.




Tilbake igjen


Det vart ein pause i bloggen, då influensaen slo meg i bakken.  Nå er eg oppe og går igjen, men er sår og sliten. Sår i hjarta også, for den eine småfeen vart veldig veldig sjuk. Nå skal me bruke resten av denne veka på å bli friske og lege såra. Har jo verken lyst eller tid til å vere sjuk og skral.


Eg har ikkje orka å ta i ein strikkepinne den siste tida, men har fått sydd i knappar på to ferdige dukkeplagg eg laga før det braka laus. 


Denne jakka vart nydeleg i all sin enkelhet. Både den og den kvite undertrøya er strikka i alpakkagarn eg hadde liggjande.


Eg har også fått sydd på blomstrar på ei omslagsjakke som mor mi strikka til Almas dukker for ei tid sidan. 


Det er alltid litt tungt å komme i gong igjen med bloggen, når eg har vore borte ei stund. Alt verkar liksom så trivielt og banalt ;) Tusen takk for alle fantastisk kjekke god-bedring-kommentarar og e-postar. Dei varma! Eg skal prøve å gjere ein innsats på å få svart på alt det de lurer på i e-postane dåkas i løpet av kort tid.

Ha ein fortsatt fin onsdag :)
Related Posts with Thumbnails