Det er fantastisk vèr i Stavanger nå *bank i bordet*, og det er sååå herleg når sola strålar inn vindaugene. Me har fått gjort masse kjekt i dag, men på langt nær så mykje som me (eller iallefall eg) hadde tenkt at me skulle. Dei to minste er litt småforkjøla igjen, så den planlagte skituren vart utsett for eksempel. Jaja, pytt pytt, vinteren er enno lang.
På magnettavla heng ei oppskrift på julekaker, og det er heilt bevisst. Oppskrifta skal få henge der fram til november, he he. Det irriterer meg nemleg at me aldri lage desse julekakene som ser så gooooode ut, så nå skal dei henge der og høvesvis friste meg og irritere meg :)
Etter å ha vore prega av influensa i over tre veker, syns eg det er sååå godt når eg nå kjenner at energien er i ferd med å verkeleg vende tilbake. Eg er frisk rett og slett :)
Eg har fått sydd litt småplukk i dag, og fått kryssa bort fleire ting frå To-Do-lista. Ei liste som ikkje eksisterer på papiret altså, men meir ei slik liste som ligg i bakhovudet og gneg i større og mindre grad. Å sy posar fullspekka av tørka lavendel er ein av tinga eg har planlagt lenge, og nå er det gjort.
♥
Det er inga lukt eg likar betre enn tørka lavendel, og etter å ha sydd lavendelposar i dag luktar det godt i heile huset. Lovely. Lavendelen ligg oppi favorittskåla mi, eit bruktfunn i skjøraste porselen med den finaste fargen.
Lavendelposane er ikkje så reint ulike erteposane i fasong, men med eit heilt anna føremål. Første lavendelposen sydde eg i det raude hjertestoffet frå
ByGraziela, og den andre er sydd av eit retrostoff frå
Borghildpia.
Nokre nye erteposar vart det også tid til i føremiddag, då første ladning er i full bruk av småfeane. Det var ein lesar som lurte på storleiken på posane i forrige innlegg. Eg har ingen faste mål eg brukar, men tippar at dei er cirka 12 x 16 cm før eg syr dei saman.
Helgeblomstrar denne helga vart Primula på stilk i tandre fargar. Dei var så skjønne at eg ikkje klarte late dei stå igjen i utrivelege omgjevnader på Rema 1000. Nei, dei måtte komma heim til mammo si rett og slett.
Gamle bøker med fine fargar i margen er henta fram frå bokhylla.
Det går framleis i mindre fargespreke kombinasjonar i stova, men nye prosjekt er i sving. Eg rakk ikkje begynne å sy nye putetrekk i dag, men Elna står framme, og skal ikkje setjast bort før eg er ferdig. L'en skal tapetserast tenkte eg, og etter å ha sett
Fjeldborg sitt fine resultat då ho tapetserte &-teiknet sitt, så fekk eg ikkje mindre lyst til å finne fram saks, tapet og tapetlim. Men i kveld er det ikkje lov med fleire skal-berre-tapetsere-dittogdatt, nå skal eg sove :)
Ha ei flott flott veke
♥
PS! Eg kjem snart med eit innlegg med svar på mange av spørsmåla
de legg igjen i kommentarar og på e-post :)