torsdag, mai 19, 2011

Gutar kan også sy!


Då eg las på eldstemanns plan for skuleveka, at dei skulle teikne og sy dompap, tenkte eg at her må det øvast litt på førehand gitt. Aller mest for å få ei kjekk stund med storeguten vår, men også for å gje han nokre stalltips. Det gjekk jo mykje greiare enn eg hadde trudd på førehand. Han fordelte arbeidet over fleire dagar, og koste seg rett og slett.

På ein liten rest av eit kvitt bomullslerret teikna me ein fugl med blyant. Med brun broderitråd tråkla han rundt den teikna streken, og fekk berre hjelp til å strekke det litt ut og feste trådane til slutt. Det ferdige nystrokne stykket vart sydd på eit anna stoff, som til slutt vart verdas skjønnaste pute. Kanskje litt i søtaste laget for ein tøffing på 8 år. "Har du lyst til å ha denne på rommet ditt, Samson? Så kan du vise den til vennene dine?" "Eh, nei takk" laud det høfleg frå kunstnaren, før han la til: "jeg går og legger den på stua jeg" <3 <3

Og mammo er berre glad til, for nå kan eg vise den fram til alle som kjem innom, og til dåko som les bloggen min. Ikkje sant, puta vart knallfin? Har du ein gut eller ei jente i rette alderen, har du dermed eit godt tips til ein liten hobbyaktivitet. Dette må jo vere den perfekte julegåve til bestemor, eller bestefar, eller tante, eller onkel. Ja, for dei som har byrja tenke i dei banar allereie altså ;)







Du og du så kjekt det er å farte rundt slik at mamma sine bilete ikkje vert i fokus ;)


Ha ein fin fredag i morgon.....tudelu :)

mandag, mai 16, 2011

Er du klar?





Eg har stroke klede to helger på rad. Aldeles unormalt til meg å verre. Skulle tru eg hadde feber eller noko slikt. Men det heile skuldast at eg prøver å begrense stresset før den store dagen i morgon. Så nå heng antrekka til dei lovande små framme og liksom berre ventar på at det skal brake laus.

Simonminstemann skal ha på seg matrosdressen eller ein festdrakt etter Samson.
Alma skal ha på seg ein Tina Woodstrupkjole frå januarsalget, samt ei nydeleg jakke frå Benetton.
Samson skal ha på seg ei  bukse frå det samme januarsalget, samt ei nydeleg linskjorte frå Benetton.
Fine skal dei bli, sjølv om bunadane glimrar med sitt fråvere. Eg lova dyrt og hellig at eg skulle sy bunad til dei alle saman her eit år. Til og med fine Herr Fe skulle få bunad. Så langt har eg ikkje brodert eit sting, og med denne progressjonen burde eg kanskje starte på konfirmasjonsbunad til Alma. Då er det kanskje håp om at den er ferdig om ein 10 års tid ;)

Ynskjer dåko alle ein flott dag i morgon om de feirar tradisjonelt eller utradisjonelt. 

Hurra! Hurra! Hurra! 

søndag, mai 15, 2011

Levande kunst på sitt beste

 Veslebror har leika seg med kritt på kjøkkendøra i ettermiddag. Eller rettare sagt; på og rundt døra ;) Prøv å sjå vekk frå den i beste fall sjarmerande skitne strømpebuksa.... Minien tok seg ein spasertur ut i hagen utan sko *smil*.


Krittstubbar i ein liten metallkoffert. Sjølvaste lukka for ein snart 2-åring.


Verdas skjønnaste veslebror har arva storesøsters tova-ull-aktige hår i nakken. Snøkvitt hår og brun i huden. Godguten som gjer oss dei gode klemmane og dei våtaste sussane. Godguten som sjamerer oss alle i senk. Godguten som har byrja prate, og kallar seg sjølv Sinom.  Og dessverre: godguten med verdas verste blåveis midt i fjeset. Huff og uff, hjarta blør. Han stupte i golvet frå sofaen i går tidleg. Landa med hovudet først, og fekk seg ein blåveis som forflytta seg til rundt det eine auga. Heldigvis gjekk det ikkje verre. Og heldigvis klagar han ikkje over smerter. Får lyst til å polstre heile huset og ha han i band, men det går jo sjølvsagt ikkje. Knall og fall har det blitt, og knall og fall kjem det til å bli. Det er berre så pyton når det skjer.


Helga var jo som vanleg over i ein fei. Håpar du også har kosa deg med det og dei du likar best :)

Klem frå Linda

tirsdag, mai 10, 2011

Busy bee


Eg skulle ønske eg kunne skrive at eg er travelt opptatt med å nyte våren og livet generelt om dagen. Sanninga er at det er supertravelt, både på jobb og på heimefronten. Sommaravslutningssesongen har starta på fritidsaktivitetane til småfeane, med grillfestar både her og der. Kjempekoseleg - for all del - men alt dette sosiale livet medfører at eg ikkje får tid til å vere på nett.

For å fylle dagens alt-er-vel-eg-er-berre-opptatt-med-livet-generelt-innlegg har eg leita fram nokre nye bilete frå dukkehuset eg hadde som liten. Dilleting til dukkehuset kjem stadig i hus, og sist innkjøpt er golvspegelen og mange mugger, koppar og tallerkar. Kjekt både for mor og dotter med andre ord ;) Litt fleire bilete frå dette velbrukte dukkehuset finn du her.



Ynskjer dåko alle ei fin veke, eg kjem på banen med meir kreative krumspring og innhaldsrike innlegg når ting har roa seg aldri så lite.

Tudelu så lenge.
Smil frå Linda

onsdag, mai 04, 2011

Dilla på lilla








I kveld viser eg nokre glimt frå eit hjørne av jenterommet  i huset. Her er det høg dillefaktor. Den vesle frøkena kan tutle med leikene sine i timesvis, og nett nå er det Maileg-utstyret som er framme på bordet. Den store papirdukka på veggen hadde eg som lita, og det samme med den psykedeliske lilla portemoneten på bilete over.

Då eg var liten var det svært få av mamma sine leiker som var tekne vare på - til mi store sorg. Mormor var nemleg eit effektivt ryddig menneske, som elska å brenne det ho såg på som rusk og rask på bålet. Skrekk og gru. Hjå meg er det difor rake motsetjinga. Eg er jo også ryddig og effektiv, men eg veit veldig godt kva som er rusk og rask, og kva som ikkje er det. Ja, reint objektivt sjølvsagt. Eg har tatt vare på omtrent ALT av leiker og småting i tilfelle eg ein eller anna gong skulle få ei jente. Eg har komplett samling av viskelær, glansbilder, papirdukker, dukker og dukkehus. Ja, You name it! Eg frydar meg derfor storveies når Alma leiker med "mine" leiker like naturleg som sine eigne. Gjenbruk er jammen toppen, og særleg gjenbruk av ting med sjel og sjarme. Eg kunne jo like gjerne ha fått ei jente som likar betre å sparke fotball og klatre i trær, enn ei som likar å dille med småting. Det hadde sjølvsagt vore heilt topp det også, men sånn gjenbruksmessig og smaksmessig og leikemessig må eg sei eg har hatt maks flaks med jento mi :)

Korleis er det med deg, har du også tatt vare på leiker og dilldall med tanke på dei kommande generasjonar? Kanskje er det berre eg som er så hekta på leiker, barndomsminner og dilldall, he he.


Tusen takk for knallrespons på tredyra, og takk for alle dei koselege kommentarane som gjer dagen min ekstra god!!

Eg er snart tilbake :)

tirsdag, mai 03, 2011

Fantastiske dyr


Min godaste Herr Fe har tilbrakt nokre dagar av påskeferien i snekkarboden. Og etter slike dagar ser den eine skjønne skapningen lyset etter den andre. Dyra er utruleg dekorative og fine om eg skal seie det sjølv, he he.


Bambiar, soppar, elefantar, jungeldyr og sjiraffar marsjerer om litt inn på Epla, så ta ein kikk inn der om du vil ha unike veggdyr på veggen din du også. 


Sjiraffane er nye kreasjonar, og eg syns dei vart såååå tøffe. Dei kan festast til veggen som dei er, eller ein kan for eksempel feste på eit måleband, og bruke den som høgdemålar. 


Det er ufint å fokusere på partiet mellom beina, men i dag kan eg ikkje unngå å gjere det for der openberrer det seg nemleg eit hjarte, he he.


I dag tidleg presterte eg å forsove meg. Me rakk alt me skulle altså, men det vart litt vel hektiske minutt på morgonkvisten. Eg skal derfor krype under dyna tidleg i kveld - er pyton å vere så trøytt.

Ha ein superfin kveld de som skal vere oppe lenge enno, og ei god natt til dåko som sloknar tidleg ;)

Eg er tilbake i morgon med litt gammalt, litt nytt litt fargerikt og pastellar hand i hand :)
Tudelu...

mandag, mai 02, 2011

Festbord mai - NIB utfordring




Med reprisebilete frå Alma sin dåp i 2007 kastar eg meg inn i NIB si festbord i mai utfordring. Dette er liksom den eine gongen me verkeleg har slått på stortromma sånn festmessig og arrangert det heile sjølve. Begge gutane sine dåpar vart feira på ærverdige hotell. Enkelt og greit. Til Alma sin dåp hadde eg både overskudd og tid til å setje mitt eige preg på det heile. Ein fantastisk kjekk dag, feira med kjempegode venner og herleg familie. Minner for livet.


Innlegget der eg forklarar meir om dei hjarteforma lappane med helsingar til dåpsbarnet finn du her.


Og til slutt; nokre små tips basert på mine erfaringar angåande feiring av barnedåp og pyntinh kan eg komme med nokre små tips til andre som skal i elden:

# Velg ut eit tema før du handlar inn, og leit etter stort og smått i akkurat det temaet. Vårt tema var hjerter og rosa. Eg kjøpte hjerteboksar som vart dekorerte. Eg kjøpte hjerteforma godteri. Hjerteforma post-it-lappar osv osv.

# Billig bordpynt: Rosa godteri über alles.

# Billige bordkort: muffinsar med rosa smørkrem. Eg klypte ut små hjarter i rosa papir, skreiv på namn og limte dette fast til små grillspyd. Stakk desse nedi muffinsane; vips fiks ferdig. Varierande høgde på grillspyda er ein artig variasjon.

# Billige lys: sandkakeformer med rosa telys frå Ikea

# Gode venner som er med å pynte er alfa og omega. Me hadde det koseleg under pyntinga, og det trur eg nesten viser igjen i bordpynten.


Ha det godt, klem frå Linda

PS! Flinkaste Bodil-Bo har tatt alle bileta i dagens innlegg og hjelpte til med pyntinga. Ho eig også flaskene blomstrane står i og fleire av lysestakane. Takk snille snille deg ;)

søndag, mai 01, 2011

Butikk i leikehytta


Planen vart lagd seint i går kveld. Eg bakte ei brownie-kake (Møllerens ferdigmiks er knallgod), og tenkte at i morgon skal ungane få leike butikk i hagen og selge kaka, samt siste rest av påskegodteriet.

Når dei skal leike butikk inneber det mykje arbeid frå mi side, og eg vurderte lenge om eg skulle gidde. Det virka liksom freistande å berre opne sandkasselokket og flate ut i ei solseng, medan ungane leika med bøtte og spade. Men nei, eg kjenner meg sjølv veldig godt. Eg kjem aldri så langt at eg slår meg ned i ei solseng. Til det har eg alt for mange skal-berre-ditt-og-datt-først-nykker. Og når eg er ferdig med alle skal-berre-ditt-og-datt er sola for lengst gått ned bak fjella i det fjerne.

Så butikk vart det.


Heilt frå tidleg morgon har me styra på. Først vart hytta og alt innventaret vaska gullandes reint - måtte det berre vare... Eg knipsa nokre bilete før ungane slapp til med butikkleik. Slike stille før stormen-bilete, veit de ;)


Eit par nye bruktfunn (som den blå Kockum-kjelen) er på plass i hytta, elles er mesteparten ting som har vore der sidan i fjor. Eg er stadig på intens jakt etter slike gamle Fisher Price-figurar, men må enno ta til takke med desse gamle frå min eigen barndom:


Den oransje lampen er også eit bruktfunn (40 kr). Lampa er eigentleg ei bordlampe som er i sal på Ikea nå, men den passar perfekt som utilkopla taklampe i leikehytta.


 

Dei glade ansikta til dei søte små er verdt kvart minutt eg styrer på for å lage det kjekt for dei.


Kundane var blide og glade, og servicen var god. Ingen klaga sjølv om prisinga var noko urettferdig. Eg trur butikkinnehavaren var lei av å sei dei same prisane, så prisen på eit kakestykke varierte frå 4 kroner til  tusen millionar ;)



Betalingsmiddelet var av den primitive sorten - nemleg småstein. Artig å sjå at veslemann fort skjøna at han måtte ha med seg småstein i handa om han skulle få kjøpe noko godt i butikken.




 Mmm, glade kundar kom og gjekk.

Butikken var av det moderne slaget, som hadde skjøna at for å få kundane til å komme snart tilbake, så bør ein ha sitjeplass i solveggen like i nærleiken.

Butikkinnehavaren strekte halsen for å sjå om varene smakte godt der ute i sola. "Mamma, kan me ha butikk i måro og?" Ehhhh, kanskje ikkje i måro, men ein anna dag kan me garantert ;)

Ha ein fin søndagskveld :)
Related Posts with Thumbnails