søndag, desember 05, 2010

Pepperkakehuset vårt


Her kjem som tidlegare annonsert eit  bilderas av pepperkakehuset vårt som vart laga i går kveld.  Det har nokre skjønnheitsfeil både her og der, men det vart som det vart får'n sei.

Rundt huset har eg strødd kokos, og enno manglar alle smånissane som skal flytte inn i og rundt huset. Berre eit einsleg lam bur i hagen.


Til huset har eg som vanleg brukt melisblandinga frå Knas-boka. Det er mange som lurer på kva kremortartaris er. Det er noko ein visstnok får tak i på apoteket. Men eg har aldri fått tak i det, og lagar blandinga av stivpiska eggekviter, melis og natron.  Funkar som berre juling det, men eg har kanskje ekstra mykje melis i. Blandinga skal ikkje renne.

Eg er ingen pepperkakebakstguru, men har lært meg nokre tips opp igjennom åra (lagde mitt første hus i 17-års alder tippar eg).
Steik delene lenge - heilt til at det grensar til at dei er brende. Då sig ikkje huset saman.
Det er pirkete å skjære ut rutene til vindu, denne gongen stakk eg dei ut med ein firkanta lebestiftkork...
Eg dekorerer alltid huset først, og limer saman etterpå. Det går kjempefint, for melisblandinga vert knallhard når den har tørka. Når huset er ferdig samanlimt, lesser eg på med melisblanding langs taket og på kantane, slik at det liksom skal vere snø som ligg tungt over taket.

Mitt beste tips når det gjeld pynting, er å klippe pittelite hol i plastposen ein har melisblandinga i. Jo tynnare "sprut", jo lettare å lage snirklete strekar. Hjerter, prikkar og snirklar og strekar med snirklar på endane er fine på hus. Masse lukka til!!!

Sidan altandøra fører ut i bakhagen, som av naturlege årsaker ikkje er i bruk lengre, har eg plassert huset midt framfor døra oppå det gamle bordet etter farmor. På vindauga har me hengt opp trær som dei to eldste klypte ut av papirrestar i dag.

Ein herleg dag, og ei god helg er straks over. Eg skal bruke kvelden på å rydde på plass alt etter kaoset som oppstår når ein bakar, dekorerer, vaskar, og tyt i telefonen om ein annen :)

Ha ein fin kveld du også!

lørdag, desember 04, 2010

Litt her og litt der


Smått om sen dukkar det opp litt julepynt her og der, inne og utanfor. Ein ettermiddag i forrige veke pynta dei søte små og eg leikehuset i hagen til jul. Det var ein heller kald seanse, så eg trur me brukte knappe fem minutt på pyntinga. Brrrrr. Tredukkene på bildet over er mange år gamle, og er eit slags Carl Larson produkt så vidt eg hugsar. Emma og Peter heiter dukkene, og nå har dei flytta inn i leikehytta. Der står dei vindauga og stirrar ut på frosten.


To minijuletrær vart med heim i IKEA-posen hin dagen. Eit til trammen og eit til pynt inni hytta. Den rustne lykta over har sett sine betre dagar, men den lyser vanvittig fint i mørkret, og eg klagar ikkje kvitte meg med den :)

Skal berre få på plass igjen den raude postkassa nå, så er alt på stell her ute til jul.

Det er straks andre søndag i advent. Planane for dagen så langt er å lage risbollar, slappe av og kanskje få tatt bilder til julekort...Er stadig overgidd over kor vanvittig fort vekene fyk. Hjelpe meg, det er berre ei veke til tredje søndag i advent, og eg kan tenke meg at også den dagen er her på eit blunk. Korleis er det med deg, er du i rute med julegåvekjøp, julepyntning og ikkje minst førjulskos?

Ha ein flott søndag, eg er kanskje tilbake  med eit innlegg i kveldinga. Har ferdig pepperkakehus, serru *smil*. Tudeluuuuuuuuu :)

Englar dalar ned i skjul i år også ;)


I går kveld hadde eg juleverkstad med småfeane og ungane i nabohuset. Kjempekoseleg, og alle materialene var berre ting me hadde frå før.  Eg har tatt vare på silkepapir, glitter og dill dall i åra som har gått med tanke på slike førjulsstunder. Kjekt å få brukt opp litt.


Engleglansbildene er like dei eg hadde i barndommen, og vart kjøpt inn i fjor for å lage englar som dette. I fjor kom eg ikkje så langt, men i år slo eg til.


Dei kvite englane er kopi av nokre eg såg blant gammal julepynt til salgs på QXL. Enkelt og greit laga av kopipapir frå Clas Ohlson, glans, litt broderigarn, lim og glitter. Den rosa engelen har englevinger frå Panduro (trur det var der eg kjøpte dei ein gong).


 Nå heng englekoret i House Doctor kruna og skuar ut over heimen ;)


 I dag har me fortsatt pepperkakebaksetn frå forrige helg. Årets pepperkakehus er ferdigsteikt, og kanskje får de sjå ferdig resultat i morgon.


Det var ei søt dame frå Bergen som etterlyste bilder i dagslys av dei grå sofaene,  og desse bildene er til ære for deg, kjære :) Som de kan sjå, er det ikkje julepynta for fullt her enno, men litt sig på plass sånn litt etter litt :)


Ha ein super lørdag :) klem klem

onsdag, desember 01, 2010

Perfekte julegåver

Her har å god gammal stil hatt meg ein runde på Etsy og søkt etter inspirasjon og gode gåveidèar. Eg delar nokre av funna med deg :) Velbekomme!

Fantastiske fargeblyantar forma som små pusekattar finn du her hjå Kittybblove.


Fargeblyantar forma som robotar er genialt for dei som syns pusekattar vert litt for barnsleg og flaut, hi hi. Dei finn du hjå LilDoodlers.


Verdas skjønnaste små nissar med små statements finn du her hjå Humblebea.


Mønster til desse herlighetane finn du her:


Verdas skjønnaste hue kan bestillast her.


Verdas skjønnaste postkort hjå Humblebea:


Ha ei riktig god natt :) Tudeluuu :)

Bravo 470

For ei tid sidan mottok eg denne e-posten her frå Leger uten grenser:

Hei Linda,

Har du lyst til å blogge for en god sak?

Bravo 470 har tjenestegjort for Leger Uten Grenser i Malawi, og tilbringer pensjonisttilværelsen i Norge.  Oppdraget er å få henne (Bravo er ei dame:) fra Nordkapp til TV 2s Artistgalla for Leger Uten Grenser i Oslo innen 4. desember. Der skal bilen nemlig gjøre sin scenedebut!

Se musikkvideo for Artistgalla her:

Bilen kjører også innom Stavanger 1. desember og det hadde vært strålende om du ville møte henne og  skrive om det på din blogg? Sjekk kjørerute og les mer på bloggen eller på facebook .

Underveis skal vi vise frem Norges minste mobile utstilling om vårt arbeid i felt for å redde liv og lindre nød.

Utstillingen finner sted i "Galleri Bravo 470" - dvs bak i bilen. Birger er kartleser, resepsjonist og kurator for utstillingen, og kan nås på XXXXXXX, e-post: XXX@XXX.no.


Kult om du har lyst å være med på dette!

Hilsen
Camilla


Eg svarte som sant er at eg SVÆRT gjerne kunne tenke meg å møte Bravo, kartlesar Birger og alle dei andre, men at eg ikkje har muligheten då eg er på jobb. I staden lova eg å skrive eit innlegg på bloggen om at bilen kjem til Stavanger I DAG og eg oppfordrar alle som har muligheten til å stille opp.

Ha ein fin onsdag.

Tudeluuu frå Linda

PS! For ordens skuld: innlegget er publisert fram i tid, slik at de ikkje trur at eg gjer dette i arbeidstida mi. Når ein skal publisere fram i tid klikker ein inn på Alternativer for innlegg -menyen som ligg like over Publiser innlegg-knappen. Der trykker du Planlagt og tastar inn dato og klokkeslett du vil ha innlegget publisert på. Trykk så på Publiser-knappen og innlegget vert nå automatisk pubilsert på den datoen og klokkeslettet du har satt.












mandag, november 29, 2010

Grått

 Når eg har lasta opp desse bildene syns eg plutseleg det ser så grått og trist ut her, hehe. Det må vere mangelen på dagslys, for stemningen er god og det vart veldig lunt i stova med nye gråe sofatrekk. Eg måtte jage Herr Fe, spanskbøkene og gitaren hans bort frå sofaen for å knipse bildet - stakkars mann ;) Nå angrar eg nesten, hadde i grunnen vore meir fargerikt om han berre fekk ligge.

Då Ikea kjørte halv pris på alle Ektorptrekk var er rask ute på labben og sikra meg to sett med grå trekk. Knallbra kvalitet i forhold til dei kvite, og MYYYYYYYKJE meir barnevenlege. Trekka må eigentleg rensast, men eg gjer som Emmeline, og satsar på å vaske dei på finvask. Den tid den sorg.

Adventstjerna i dette vinduet er frå Starligthz, og eg elskar den. Den var den første papirstjerna som kom på marknaden etter den store metallstjerne-i-gull-trenden. Hugsar de dei stjernene? Ser ikkje mange slike nå lengre - syns alle har papirstjerner nå. Mi metallstjerne har ikkje kome opp føreløpig, men me skal prøve å få til å henge den opp i leikehytta :) Måtte oppdatere innlegget her, for eg såg nå at det kunne oppfattast som om eg omtrent gjorde narr av gullstjernene, og det var jo absolutt ikkje meininga.

Avslutningsvis tenkte eg å dele eit tips til dåko som eg plukka opp i pepperkakebyen i Bergen... Det er garantert mange andre som gjer det på denne måten, men kanskje nokon av lesarane mine ikkje har tenkt på dette og blir glad for idèen. Eg har putta ei lyslenke inni metallhusa frå Walters & Co. Slik er husa mykje meir barnevennlege, meir brannsikre, det vert mindre stearinsot i huset og det er alltid lys i husa når lysbrytaren er slådd på. Eg har også lyslenke inni pepperkakehusa eg pleier bake.

Jepp. Dett var dett. Mandagen er over, omgangssjuka er overstått (urk) og eg er klar for å gå ei frisk tid i møte :)
Tudelu :)

Frk. Amaryllis 2010

Frk. Amaryllis konkurransen har blitt ein tradisjon her i bloggen, og nå er det tid for å sparke i gong årets særdeles uhøgtidlege konkurranse. 
Vinnaren får ein koseleg adventspresang tilsendt i posten. 
Til deg. Frå meg. 
Sleng deg på, dette skal bli kjekt.




Ok, her er reglane:
* Frk. Amaryllis skal vekse seg stor og sterk og fager fram mot jul.
* Klarer du å tippe kor lang ho vert (antall cm frå stilken startar og opp til der blomsten spring ut)?
* Det gjer ingenting om nokon har tippa samme antall centimeter som deg tidlegare i kommentarfeltet
*Har nokon tippa samme antall cm, så vert det trekning mellom dei som hadde riktig
*Blogglause kan også delta, men signer helst med fornavn og minst første bokstav i etternamn.
*For ordens skuld; tipp berre ein gong
*Startskuddet for konkurransen går nå. Pang!
*Stoppstreken vert satt den dagen Frk. Amaryllis spring ut i full blomst.



Dagens mål er: 12,7 cm


Fjorårets vinnar kan du lese om her.

Ha ein fin mandag!

søndag, november 28, 2010

Lollipop Lollipop


Forrige veke fylte vår kjære eldstegut, Samson, åtte år.  I dag var det klart for feiring og det har nesten blitt ein slags tradisjon at eg viser fram bursdagskaka her inne. Denne gongen var både jentene og gutane i klassen invitert, og eg lagde derfor ein litt meir feminin variant av bursdagskake enn tidlegare (f eks. borg, sjørøvarskip og tanks)...


Idèen til muffinsane fekk eg på heimesida til Martha Stewart for mange år sidan, og det er andre gong eg lagar slike. Det skal liksom forestille små blomsterpotter, men klassekompisane til Samson lurte på om det var små englar :) Stor suksess gjorde dei iallefall.

Oppdatering:
Slikkepinnane og kakestrøsselet kjøpte eg på Dropsen på Kvadrat.
Bladene er marsipan farga med grønn konditorfarge. Hadde eg hatt tid hadde eg kanskje heller klipt ut grønne blader i papir og surra fast litt streng til å feste dei med.


Toppingen (fekk oppskrift frå ei venninne) var knallgod og sjølvsagt får du oppskrifta her:

3 store ss kveitemjøl
3.5 dl mjølk
Kokast opp under omrøring, og avkjølast til romtemperatur.

250 gr meierismør
3-400 gr melis
2 ts vaniljesukker

Pisk romtemperert smør kvitt og tilsett melis og vaniljesukker og mjølkegrauten. Pisk alt i underkant av 5 minutt til kremen er luftig og lett. 

Lukka til!

Frk Amaryllis-konkurransen er utsatt til i morgon ;)

Ha ein finfin søndagskveld!

Dobbel glede


Sjå kven som dukka opp i ein av eskene med julepynt. He he, trudde eg nesten skulle få hjarteinfarkt. Ugla kjøpte eg til meg sjølv i julegåve frå nissen i fjor.  Ja, i fjor. Ugla må på ein eller annan måte ha havna oppi ei julepynteske i forkavelsen og gått aldelesen i gløymeboka.


Så i stadan for å stå til allmenn skue i stova, har den altså tilbragt sitt første leveår i feens heim innpakka i silkepapir i ein kald og mørk kjellar. Huttemegtu, dette grensar til ugleplageri spør du meg... Ugla er designa av svenske BG Design og er laga av mjuk silikon. Eg kjøpte den  hjå Rom for mer inni byen.

(PS! Kan ikkje fyre i levande lys medan søte små med nysgjerrige fingrar er vakne...)



Den er egentleg ei sparebøsse, og bakhovudet har derfor myntespalte. Når ein har spart nok, er det berre å dra av hovudet og stikke handa ned i pengebingen :) Men som de skjønar er det ekko i denne sparebøssa. Blir ikkje mykje spart når alle har gløymt at dei har ei sparebøsse som bør brukast ;) Men nå skal det bli andre boller gitt, hi hi.


I dag har me hatt ein skikkeleg god koseleg dag. Ei super venninne med sine enno suprare småjenter har vore på pepperkakebakstelag hjå oss i dag. Skravla gjekk i eitt på både oss vaksne og dei små. Så herleg.




Eg har tjuvstarta litt på adventspyntinga i år. Adventstjerna i dette vinduet er maken til den farmor hadde, hugsar eg. Eg fann mi på QXL for nokre år sidan og syns den er rålekker :)


Dette vart eit innlegg med litt om alt i sedvanleg stil, he he. I morgon sparkar eg i gong Frk. Amaryllis førjulskonkurranse, så stikk innom for å tippe kor høgreist ho vert i år ;)

God natt ;)

onsdag, november 24, 2010

Gjengangar


Eg har tidlegare fortalt at eg har fullstendig lagt min elsk på putene frå Wendt Design. Og nå er eg jammen nyforelska igjen. Via via via kom eg over bloggen til innehavaren av butikken Jolander i København og sjekk utvalget av Wendtputer i utstillingsvinduet. Butikken står oppført på mi må-innom-på-neste-København-tur-liste. Når nå enn det måtte bli...

Foto: Jolander
Det går i eithundreogti om dagen, og det er så vidt eg heng med i svingane. Beklagar derfor at det er så som så med oppdatering her inne. Men eg kjem sterkare tilbake om litt :)

Ha ei fortsatt god veke!

søndag, november 21, 2010

Og vinnaren er...


Også denne gongen benytta eg meg av min gode venn Random.org då eg skulle trekke ein vinnar av julekalendertrekninga. 
Av 171 kommentarar var det kommentar nr 28 som kom sigrande ut. Kommentar nummer 28 er skriven av Ingrid, som sa: 
Hei. Dette var ein flott kalender, både innhald og annleis utsjånad, ikkje lett å finne gode nynorksprodukter for oss som gjerne vil dei små skal lese litt nynorsk og.
Kjekt å følgje bloggen din:)


Gratulerer så masse til Ingrid. Send meg ein e-post med adressa di, så vidareformidlar eg denne til Ivar Aasen-tunet :)


Ha ein fortsatt fin søndagskveld...

Fargeskifte i stova


Inspirert av dette bildet frå danske Boligmagasinet (min og andres mangeårige desiderte favortitt i bladmarknaden):


...har eg nå starta på eit aldri så lite bildeutskiftningsprosjekt i stova. PS! Eg ønskjer meg forferdeleg bilder av biller og sommarfuglar frå Hagedornhagen som på bildet over....sukk.

I samband med at jula nærmar seg har eg også skifta ut dei retrofargerike tekstilane og tilbake til dei svart kvite eg hadde for nokre år sidan. Eg har også kjøpt grå trekk til Ektorpane på halv pris salget til IKEA. JIPPI! Sofatrekka kjem ikkje på før neste helg, for eg må sørge for at dei relativt nyvaska kvite trekka vert skikkeleg skitne først ;)



Alle tinga hadde eg frå før, og det gjer jo utskiftningsjobben berre ekstra kjekk.  &-symbolet fekk eg hjå Bodil-Bo for eit par år sidan, Keep Calm-plakaten kom fram frå gøymselen i kjellaren, og dei kvite rammene har lege lenge og venta på innhald. Innhaldet glimrar framleis med sitt fråvære, men kanskje det er håp nå når rammene trass alt heng på veggen og minnar meg om det dagleg.  Det vesle Poul Pava kortet som er i svart ramme er frå Ting. Putetrekka er gamle, men eg trur desse framleis er å få tak i på IKEA.


For først gong i historien kjøpte eg nellikar som helgesblomstrar. Etter ei veninne sa at ho asossierte nellikar med begravelse, har eg aldri vorte fortruleg med å ha dei på bordet. Det er jo sant som ho sa. Men denne typen nellik er ikkje av den frynsete typen, liknar meir gamle prestagardsroser, så eg tok sjansen ;)

Ha ein god søndag :)

lørdag, november 20, 2010

Nokre nydelege tips

Foto: frå Nice Package
Det nærmar seg tid for juleverkstad og julegåveinnpakking. Eg har i den samanheng funne fram nokre lenker til fantastisk inspirerandes sider. Bildet over og under er frå bloggen NICE PACKAGE som har utruleg mange fine innpakkingstips og dekoreringstips generelt. Bloggen er laga av to guruar innan bloggverda, nemleg ho som skriv Creature Comforts og ho som skriv Heart Handmade (nå nedlagt, men de finn lenker til nye bloggen hennar).

Foto: frå Nice Package
Det er også tid for å lage små julegåver.

Foto: screenshot frå LMNOP
Via det herlege online magasine LMNOP kom eg over dei skjønnaste babytøflene på jord. Dei kan bestillast på Pretty Little sin ETSY-butikk. Du og du kor skjønne.
Foto: frå Pretty Little

Ein kan jo også ta utgangspunkt i Guro sine fantastiske ballerinatøfler, og dekorere dei som ei kanin?  Eller rett og slett behalde dei som dei er. Babuskatøflene er jo superduperskjønne som dei er.

Foto: frå Guro sin gamle blogg. 

Sånn, då har eg delt ut litt inspirasjon :) 
Nå må eg rydde opp i kaoset som har oppstått rundt meg medan eg surfa litt rundt ;)
Ha ein flott lørdag!
Related Posts with Thumbnails