søndag, mai 13, 2012
♥ F R Y D ♥
Nå har ho gjort det igjen...
Flinkaste Jeanette.
Ho inspirerer så vanvittig.
Ho er så utruleg flink.
Ho klarar fange stemninga.
Ho er i forkant.
Ho skapar trendar.
Ho er regelrett dritflink.
Kikk inn her for 3 By Fryd.
PS! Frekk og freidig som eg er så har eg snippa nokre bilete frå magasinet berre for å pirre lysta til å gå inn for å kikke meir. Alle bilete er altså tjuvlånt frå By Fryd.
fredag, mai 11, 2012
torsdag, mai 10, 2012
Graut & vinnar
Havregraut
Havregraut er best når den er kokt på mjølk.
Eit lite dryss salt i grauten er eit must.
Serverast med sukker, kanelstrø og smørauga.
Dette er mat for Mons. Næringsrikt og godt.
Som annonsert har eg kåra ein vinnar av epleskrinet-gje-vekk'en i dag. 197 kommentarar låg i kommentarfeltet før eg stengte det. Vinnaren vart kåra ved hjelp av Random.org (tok ikkje skjermdump dessverre).
Den heldige som vann Dundelinakjole frå Epleskrinet er forfattaren av kommentar nr 44. Her er ordlyden i den kommentaren:
Hei.
Her var det mye fint! Jeg tror eldste jenta mi ville blitt utrolig glad for den nydelige bumble bee kjolen.
Hilsen Tina
Kjære heldiggrisen Tina. Ta kontakt med meg på linda.saebo@lyse.net, så skal eg setje deg og Epleskrinet i kontakt med kvarandre :) Gratulerer så mykje. Er sikker på at de vert like glade for Bumle Bee kjolen som me er for Butterflykjolen.
Finfin torsdagsnatt, og flott fredag i morgon!
Tudeluuuu
onsdag, mai 09, 2012
Svart ♥ Kvitt
Eg er framleis forelska i den svart-kvite keramikken til Tine K.
Ja, sjølvsagt i den kvithåra linselusa også.
Ja, sjølvsagt i den kvithåra linselusa også.
Nytt i huset er det store serveringsfatet og dei to bollene de ser på kjøkkenbenken.
Serveringsfatet vert jo perfekt til pasta, brytebrød, salat, frukt, ja you name it.
Sånn ellers er det perfekt også som dekor.
Bollene likeså.
Serveringsfatet er plassert på høgkant, slik at det er synleg frå alle kantar.
Keramikken kjøpte eg sjølvsagt hjå Ølen Møbel på bloggtreffet.
Må me ikkje snart ha oss ein ny tur der til, jenter?
I kveld er det ikkje meir skal berre...og vips er det seint på kveld.
I kveld er det alvor.
Derfor:
God natt ♥
tirsdag, mai 08, 2012
S N O P
Butterfly BY IT
Med våren så vaknar også alle sommarfuglar til live.
Ute og inne.
Denne utgåva av ein sommarfugl i keramikk er noko av det nydelegaste eg har sett. I all sin enkelhet.
Kvit leire, kvit glasur og Tine K inspirert trykk.
Sukk.
Den er laga av superkule Tonje med den finaste bloggen Forever love. Stikk innom henne og nyyyyyt dei flotte bileta og den gode stemningen.
Fordi det ofte kjem spørsmål, så er eg litt føre var i dag:
Sjå fleire bilder av nydeleg keramikk her.
Keramikken kan blant anna kjøpast her.
Fiiiiiiinaste tirsdagen til deg :)

mandag, mai 07, 2012
Festfin Gje-Vekk
Eg har takka ja til å halde ein super Gje-Vekk til mine kjære lesarar.
Gje-Vekk'en er sponsa av supre
Epleskrinet bugnar av herlege barneklede, og eg kjenner eg ynskjer meg alt mogeleg til mine tre etterkomarar.
Har du ein liten ven eller ei veninne, ei lita dotter eller ein liten son som ynskjer å vinne eit valfritt plagg frå Dundelina inne hjå Epleskrinet? Akkurat i passe tid til å vere festfin før 17. mai?
Då legg du igjen ein kommentar under dette innlegget, og er automatisk med i trekninga. Skriv også kva plagg du helst vil vinne. Oversikta finn du ved å trykke her. Anonyme er sjølvsagt også velkomne til å delta, men legg då helst ved eit namn, slik at eg kan finne deg igjen :)
Eg trekker og annonserer den heldige vinnaren på torsdag!
Til vårens kolleksjon har Dundelina Veksthus som tema. Alma har fått den skjønne Butterfly Wing-kjolen til odel og eige. Finaste fasongen. Finaste sommarfuglvingene på ryggen (valfritt om ein vil ha desse på). Minieventyr der du bestemmer slutten sjølv og solsikkefrø fylgjer med.
H E R L E G.
Tvi tvi i konkurransen og ha ein fin kveld der du er!
fredag, mai 04, 2012
søndag, april 29, 2012
G Ø Y

I går - på lørdag altså - så var eg på knallkoseleg bloggetreff i Ølen og Etne.
Me var rundt 30 bloggejenter frå Rogaland og Hordaland som møttes til deilig lunsj på Fugl Fønix i Etne, medan dessert og kaffislaberas gjekk føre seg i verdas kjekkaste butikk - nemleg Ølen Møbel. Anita som er innehavar der hadde stelt i stand eit kjempekjekt treff for oss i samarbeid med skjønne Silje. Tusen takk!!!
Eg storkosa meg, det var mykje lått og løye og smilandes fjes. Herligheten altså, bloggejenter må vere dei kjekkaste på jord :) Her er nokre glimt frå dagen, glimt av herlege jenter (pluss verdas skjønnaste baby) og litt av tinga eg hamstra med meg heim.
Jada, det vart aldeles Black & White tema på varene, men det er vel inga bombe ;)
Har du fri i morgon du kanskje? Akk og ve, det har ikkje me, så det er best eg finn fram sekkar, klede og reine matboksar før eg stuper i seng. Finaste maiveka til deg!!
mandag, april 23, 2012
LJOS
Det er eit ljos der ute
som du ser frå der du bur
Når du er redd og er aleine
då er det ikkje slik du trur
Det er ækje slik at ingen har ein tanke
for ein liten som ligg der så aleine og er redd
og lengtar fram mot morgonen til ljos og vind og
ver og skræmast av det mørke store skumle
Og det er ækje slik at du ikkje har ein bestevenn
Det er ækje slik at du ikkje har ein bestevenn
Det er eit ljos der ute
som mitt auga kviler på
Når det knuser imot stranda
men du ingenting kan sjå
Det er ækje slik at ingen andre også då er liten
for havet knuser sjølv det harde fjell
Men ute der så sveiper det eit ljos for meg
og deg og viser heim og til dei stille havner
Og det er ækje slik at du ikkje har ein bestevenn
Det er ækje slik at du ikkje har ein bestevenn
Ser du gjerdet, gå til grinda. Ser du døra,
kom no inn då. Ser du trappa, ta eit trinn. Kom no inn!

Bestevenn av Odd Nordstoga
søndag, april 22, 2012
GRÅVÈR
Ein strandtur i gråvèret gjer godt for kropp og sjel.
Lite kan måle seg med frisk sjølukt.
Sandestranda er ei av favorittstrendene våre.
I passe lang avstand heimefrå.
Passe lang.
Passe fin.
Eg har vore ganske lat sånn fotomessig denne helga.
Har knapt tatt eit bilete.
Denne veka vert derfor roleg bloggmessig....trur eg.
Strandlivbildene er frå i fjor ein gong. Så om du føler du har sett dei før, så har du det :)
Finaste veka ynskjast deg.

lørdag, april 21, 2012
Walkathon Stavanger 2012
W A L K A T H O N
♥ ♥ ♥
Eit kjempebra arrangement, med underhaldning frå scenen og god stemning på Domkirkeplassen. Høgdepunktet var Samsaya. Ho avslutta opptredenen med denne finfine sangen. At ho har nesten lik frisyre som meg og ser omtrent rett i kameraet mitt gjer eit ekstra pluss i margen, he he.
God kjensle å vere med å bidra. Til neste år vert kanskje du også med?
torsdag, april 19, 2012
Abonner på:
Innlegg (Atom)