Med lånebilete av irriterande fint interiør (alle bilete frå Boligmagasinet.dk) ynskjer eg DEG ei superfin helg.
Sommaren kom i seinaste laget i år. I dag - på ein av dei siste dagane i September - er det meldt 22 grader og strålande sol. Slik var det i går også. Fekk jo nesten sjokk, av heten som slo imot meg då eg steig ut i Guds frie natur etter eit heildagsmøte innerst inni eit rom utan vindauge. Slikt kan eg imidlertid venne meg til ;) På nokre effektive timar vart også hekken og plenen nyfrisert, bilen reingjort og alle uteplanter med potensiale for å overleve vinteren vart spadd ned i jorda. Småfeane var fullt opptekne med å vaske alle utepotter. Sutling med vatn i ettermiddagssol er alltid ein slager.
Plan for helga: ta igjen tapt søvn, kosemose gjengen min, og ikkje minst vere ute i frisk luft. Håpar du også får nyte nokre etterlengta solstråler i helga.
Klem klem og tudelu