mandag, mars 21, 2011

Litt mimring?


 I desse dagar er det over åtte år sidan eg oppretta min første blogg på Sprayblogg.no og starta dele små drypp av livet mitt. I denne samanheng har eg leita i bilet-arkivet i kveld. 
Eg har skamkosa meg med å sjå på gamle bilete. 
Fryda meg over kor skjønn Samson var som liten.
Gremmast over kvaliteten på bileta (brukte eit web-kamera tilknytta PC'en).
Ledd av interiøret.
Lengta tilbake til leiligheten i Sigurdsgate i Bergen.
Lengta etter å bu på Landås i Bergen.
Eg har hatt ein finfin kveld med andre ord. 

Her er eit utval bilete frå 2002/2003/2004:

 














Nå er eg kjempespent på om nokon har fulgt bloggen så lenge at dei kjenner igjen nokon av bileta (alle har vore publisert før).

Ha ei god natt!

torsdag, mars 17, 2011

For Japan with love



I morgon, fredag 18. mars, er det bloggaranes dag i stille. Ein dag der ein kan vere med på å markere tragedien i Japan. Ein dag fri for nye blogginnlegg, av respekt, medkjensle og med fokus på alle dei stakkars folka som er ramma av katastrofen.

Om du vil støtte Røde Kors sitt arbeid i samband med tragedien, trykk på dette bildet:


Det er så lite me kan gjere og bidra med i slike samanhengar, men å syne omtanke er lett. Bli med du også og ver gjerne med å spreie bodskapen om Day in silence nå i kveld :)

Onsdagslukke -sånn reint materialistisk- er...


...å hente verdas kjekkaste overraskelse i posten.



...at sola skein såpass lenge, at eg rakk knipse bilder av innhaldet i pakken før middagen var klar:

 ...at eg har ein blogglesar som likar bloggen min så godt at ho sender meg dei mest fantastiske ting. Emaljefat, fantastisk dynetrekk, serviettar, miniklokkestreng og herleg kort. Eg vert jo så glad at eg omtrent hoppa i taket på postkontoret. Kva kan eg gje i gjengjeld mon tru? Eg har mange eg skuldar pakkar i gjengjeld både i aust og vest, men eg jobbar med saken ;)


Onsdagslukke er også ...

...å finne knallfine tallerkar på Fretex.

...+ ein stoooor gammal emaljekopp...

...som er full av sjarm trass rust og slitasje her og der.

Ha ein flott torsdag!

PS! Det brune emaljefatet hadde eg frå før, men det passa jo perfekt attåt det nye som kom postvegen.

tirsdag, mars 15, 2011

Terningkast



Eg er alltid på utkikk etter gamle spel og spelebrikkar når eg er rundt om kring på bruktbutikkar. Bokstavane eg har brukt i headeren min er til dømes frå eit gammalt tysk bokstavspel eg kjøpte ein gong for ørti år sidan.

Gamle spelebrikkar er knallkjekke å ta bilete av, og illustrasjonane på spela er jo superfine.
Ungane syns i tillegg at det er
V E L D I G
stas å få spele med gamle spel. Det er akkurat som om dei skjønar at dei må vere ekstra forsiktige, så ikkje ting går i stykker :)

Lukka var stor då eg kom over desse tre små stakkars terningane. Ler litt av meg sjølv altså, for andre syns garantert at slikt er berre rusk og rask. Eg derimot frydar meg over alle tre-bokstavs-orda eg kan setje saman og knipse bilete av :)

Ha ein flotters tirsdag!

lørdag, mars 12, 2011

Kolonnekøyring


Med reprisebilder frå leikehytta me har under trappa opp til 2. etasje, ville eg berre legge igjen ei lita kveldshelsing.Tusen takk for alle koselege kommentarar på det ordlause innlegget mitt frå før i dag.  
You made my day :)



I kveld har eg leika meg med å setje inn tre kolonner i bloggen, så nå slepp ein leite milesvis nedover for å finne bloggrollane. Forhåpentlegvis ei forbetring med andre ord :) I morgon dukkar moglegvis denne stolen opp i Dagbladet Søndag. Ein journalist tok kontakt og lurte på om eg kunne uttale meg litt om designmøblar i private heimar kontra kontorlandskap - og det kunne eg jo :) Det vert spennande å sjå om det kjem på trykk iallefall.


Måtte søndagen bli like innhaldsrik og god som laurdagen. Ha det godt så lenge!

Ordfattig, men blid









Ha ein super lørdag!!

torsdag, mars 10, 2011

INSPIRASJON de luxe

Foto: Magne Turøy, BA


I dag har BergensAvisen (BA) ein knallfin reportasje frå heimen til mi flinke venninne Trude. Trude har dessverre ikkje blogg...enno iallefall...men ein smakebit frå den kreative flinke jenta får me iallefall i reportasjen. Eg vert alltid så utruleg inspirert av Trude, og får jo lyst til å fornye frå A til Å, he he. I kveld sit eg derfor iført malingsklede frå topp til tå, og venter berre på at roen skal senke seg på barneromma. Nå går eg laus på veggene i gongen oppe. Pytonstygg strie skal sparklast over, og nytt golv må på plass når det er gjort. Det golvet som er der nå er nemleg til å spy av - berre vent til de får sjå før/etter-bilete ein vakker dag :)

Denne veka er det vinterferie her i Stavanger, og i morgon tar eg fri frå jobb. Kafè og kino med småfeane står på programmet og eg skamgledar meg :)'

Kryss fingrane for at eg får teken på sparkelspaden ;)
Ha ein fin torsdagskveld.
Tudelu :)

mandag, mars 07, 2011

Lukka kom med posten


I dag kom lukka, ja, den lukkerusen ein får av herleg stoff veit de, med posten.
Herleg.
Eg trur vesle, skjønne Jon Blund vart skremd av gledeshyla mine. Han ser iallefall livredd ut på fyrste bilete, og fann ut at det rett og slett  var best å leggje seg ned.  Det kan bli for mykje spetakkel i slike stunder, sjølv for ein erfaren liten nissekopi.
 


Like før helga oppdaga eg at DillDallNina hadde lagt ut nokre stoffbitar med retrostoff for salg, og eg var rask på labben og sikra med nokre godbitar.


I dag kom stoffbitane i hus. Takka vere ørlite dagslys etter jobb, så får de sjå kva eg sikra meg også.


Jepp jepp, nå skal Elna få svinge nåla, for her skal det bli mange fine sydde produkt framover ;) 


Ha ein triveleg mandagskveld, klem

PS! eg såg nettopp at godaste Nina har lagt ut nye stoffpakkar i dag, så er du rask får du kanskje tak i litt stoffglede du også :)

søndag, mars 06, 2011

Nytt trekk på gammal travar

Det gamle strykebrettet mitt har fått ei ny ungdomstid med nytt trekk sidan sist. Hjartestoffet frå By Graziela er råfint syns eg, og nå vert eg rett og slett i godt humør av å sjå på brettet som heng på veggen i bakgangen. Oppussing og slikt frå bakgangen vår kan de for øvrig lese om i dette innlegget her: Bakgangen vår.



I bakgangen vert mykje av det kreative rotet mitt oppbevart. Papir og tapetrullar heng i vesker på veggen, stoffrestar ligg i korger, og i hyllene er det boksar og esker med knappar, nåler og sytråd.  Strykebrettet vart i si tid kjøpt på eit lagersalg hjå Hotel Norge i Bergen for 10-15 kr. Dette er haugevis av år sidan nå, men eg har både strykebrettet og dei gamle hotelgardinene og kaffikoppane intakte enno. Strykebrettet har imidlertid blitt oppussa nokre gonger, og nå sist altså med oransje hjartestoff.


Å sy nytt trekk til strykebrett er utruleg lett og tar sånn cirka 10 minutt. Legg strykebrettet med strykeflata over stoffet du vil bruke. Klipp ut stoffet cirka 7 cm utfor kanten av brettet. Brett kanten inn ca 3.5 cm og sy løpegang. La 10 cm på den beine kortenden av strykebrettet vere åpen. Tre så ein lang hyssing inn i løpegangen, og sy deretter den 10 cm lange opningen litt mindre. Legg trekket på strykebrettet. Stram til rundt strykebrettet og knyt ein stram knute på hyssingen. Vips fiks ferdig strykebrett med nytt trekk. Dersom strykebrettet ditt er som mitt var: veldig tynnslitt og slitent i skumlaget, så kan du legge eit lag med platevatt under det nye trekket.

Akkurat nå irriterer det meg at eg ikkje snudde mønsteret på stoffet slik at  hjertene står riktig veg når brettet heng på veggen, men pytt pytt, det får eg tenke på neste gong.
Ynskjer deg ein god søndag :)

lørdag, mars 05, 2011

Fargesprakande kreativt rot og fantastisk morgon


Ajajaj, for ein herleg laurdagsmorgon det har vore i dag. Først ein koseleg lang frukost med kokte egg og gammalt brød ;) Det gamle brødet vart heldigvis som nytt etter ein omgong i brødristaren.


Etter frukost har ungane leika i stova, medan eg har leika på kjøkkenet. Gulvputene våre har fått nye trekk i meir vårlege fargar. 





Neste prosjekt på kjøkkenet er nytt trekk til strykebrettet ;) Tippar at de får sjå det ferdige resultatet. Ha ein super laurdag!

onsdag, mars 02, 2011

Hurra, for eit kupp eg har gjort i rein uvisse


Nokon som hugsar kontorstolen eg drog med meg heim frå Fretex etter å ha betalt den nette sum av  
25 kr 
for den?  Lite visste eg at det var ein ekte klassikar eg sikra meg, før eg las siste BOLIGmagasinet. 
Hurra :)
Kevi-stolen vart i si tid designa av dei danske (ja, sjølvsagt måtte det vere nokre flinke danskar) arkitektbrødrene Ib og Jørgen Rasmussen for 50 år sidan. På desse 50 åra er det seld meir enn 2.5 millionar Kevistolar, noko som gjer stolen til ein av Danmarks mest selde møbel gjennom tidene :)




Som de kan sjå av utklippet frå BOLIGmagasinet over, så har eg omtrent betalt mindre enn ein promille av veileiande utsalspris på 3900 danske kroner. Dobbelthurra. Særleg sidan eg ikkje bryr meg så veldig om at min stol er litt skamforen i malinga.  I desse dagar  lanserast stolen i sju nye fargar, og eg leikar nemleg med tanken om å pusse opp min i ein spenstig farge. Kva farge ville du ha valgt?
Jepp, dette var dagens dose om kupp, designmøblar og dyktige danskar her inne.

Ha ein flott kveld, tudeluuuuu
Related Posts with Thumbnails