La du merke til dei kule kjøleskapsmagnetkalendertala mine i
forgårs innlegg?
Dei kjøpte eg på Oljemuseet her i Stavanger då me var innom for blant anna å sjå på den fine Ida-utstillinga som er der nå.
Den vesle Oljemuseet-butikken er ein herleg butikk for liten og stor, her finn du alt frå flotte fossilar og mineral, kjekke eksperimentgreier, til små skjønne plastbadeender. Og altså kjøleskapsmagnetar i form av kalendertal med ein raud ring ein flytter frå dag til dag. Ein kan også byte ut tala med magnetar for handleturar, trening, bursdagar og ymse andre aktivitetar ;)
Me ferierer heime om dagen. Vaskemaskin og tørketrommel durar konstant i hard konkurranse med støvsugar og oppvaskemaskin. Eg prøver få orden på huset, og tar eit kraftig skippertak og to. Ungane kosar seg eine sekundet og kranglar vilt det neste. Alt er som normalt med andre ord.
Tusen takk for alle fine ord de legg igjen. De gledar meg enormt!!
Ha ein god kveld, klem herifrå.