Kvar morgon når eg står opp sånn cirka fem over seks, så lovar eg meg sjølv at "i kveld, då SKAL eg legge meg seinast klokka ni". Når kvelden kjem vert klokka både elleve og tolv, ja kanskje til og med eitt, før eg sloknar på puta. Neste morgon er dei gråblå ringane under augene om mogeleg enno større, rynkene liksom grev seg djupare inn i huden og augene svir. Og det heile skuldast skal-berre-syndromet eg lid av. Det er liksom ikkje måte på kva eg finn på i tida etter at dei tre små har sovna, og fram til eg sjølv kryp under dyna. Det er ikkje til å stikke under ein stol at mykje tid vert brukt på å
spade sand i Sahara,
som Emmeline så herleg omtalar husarbeide. Eg skal berre nett vaske inni kjøleskapet, eg skal berre nett støvsuge, eg skal berre nett vaske nisteboksane osv. Nokon som kjenner seg igjen eller? Når eg er ferdig med alle skal-berre-gjere-litt-mykje-husarbeide-greiene, så tar skal-berre-gjere-noko-kreativt, eller skal-berre-surfe-innom-den-bloggen.
Klokka tikkar og går,
og plutseleg er eg så trøytt at eg skal-berre-stupe-i-seng. Og slik går dagane og kveldane. Ja, vekene rett og slett. I dag er eg ekstra trøytt i trynet og ekstra blå rundt augene, for seint i går kveld fekk eg for meg et eg skal-berre-sy-erteposar-først. Alma går på turn, og der fekk dei leike med erteposar ein dag. Erteposane gjorde så stor suksess, at eg rett og slett sydde små posar fylt med erter til dei tre småfeane og alle turnvennene til Alma i går kveld. Nå kan dei trene seg med erteposar så ofte dei vil. Posane er sydd av supersøte stoffbitar eg har i samlinga. Mange er frå TAMO, nokre er frå Bare Wunderbar, og andre er herifrå og derifrå.
Gullgutane mine fekk sjølvsagt erteposar i meir guttete stoff. I kveld har eg og eldstemann øvd oss på å sjonglere og forbedre kaste-gripe-teknikken. Han syns det var knallkjekt, og då er eg ekstra glad i mammahjarta mitt.
For dei to minste er det superløye berre å gå rundt med erteposen på hovudet , he he.
Sånn avslutningsvis skal-eg-berre-vise dåko ein ting. Ja, og faktisk komme med ei innrømming. Eg har brote mitt sjølvpålagte kjøpeforbud på ting og tang.Uff og uff.
Desse skålene kostar 19,90 kr på Europris, og eg klarte rett og slett ikkje motstå dei lengre. Første gong eg såg dei var eg sterk og passerte dei med strake bein. I går derimot, då var eg svak og skjelven i knærne og før eg visste ordet av det hadde eg grabba med meg alle skålene dei hadde igjen i rosa og lilla. Dei hadde latte-krus og småskåler i samme serie. Såååå skjønne. Som de kan sjå, er det framleis erter igjen i hus, mon tru om det ikkje må syast enno fleire erteposar ein kveld eg får det for meg.
Ha ei fin helg der du er. Pass ekstra godt på dei du er glad i.
Klem frå Linda

























































