Ja, då er det straks på tide å takke farvel til 2011.
Me er vel heime etter ein herleg avslappa juleferie. Huset var reint og ryddig då me fòr av stad, og å knipse desse bileta var omtrent det siste eg gjorde før eg sette nøkkelen i låsen og vrei om. Nå er tilstanden ein anna for å seie det slik. Det flyt over av klede, posar, leiker og anna draks.
Juleferien hjå mamma har vore utruleg god. Trass i Dagmar og det dårlege vèret generelt. Snøen glimra med sitt fråvere, men skulle småfuglane i Sunnhordlands omegn verte lei av makkar og insekt, finn dei iallefall heimelaga gourmetmat i mamma sin hage på Sæbøvik. Spread the word.
Fuglematen er laga av fuglefrø frå daglegvarebutikken, delfiafeitt og ymse kakeformer. Me valde å hengje ferdigstivna fuglemat ut med formene på - for å hindre at det rasa saman ved første kontakt med fuglenebbet. Dette vart ein suksess. Kvar dag kikka me ut stoveglaset på glade blåmeiser, kjøttmeiser, nokre traster og ei raudstrupe. Spanande for ungane, og kjekt for mora å oppdage at etterkomarane også intresserar seg for småfuglars ve og vel.
Sånn i tilfelle eg ikkje rekk det i morgon - eg er vel oppteken med å rydde på plass dagen lang ser eg for meg - så vil eg nytte høvet til å ynskje dykk alle eit formidabelt flott 2012. Måtte alle kjende, vener, familie og blogglesarar få eit skikkeleg Godt Nytt år! Eg kryssar fingrane for eit år av det gode slaget.
Tusen takk for alle helsingar og fantastisk kjekke kommentarar i året som straks er over. Dei gledar meg langt inn i hjarterota, og truleg meir enn de anar. Tuuuusen takk.
Ha ei god natt, i morgon på desse tider er det like før det brakar laus ;)
Vinterlöpning – detta behöver du till din springtur!
for 2 dager siden