mandag, april 11, 2011

Gratis dekor


Man tager hvad man haver...


Ei festestropp frå sykkelboden (evt Europris/Clas Ohlsson og liknande).
Eit par skruar.
 Papirklyper frå stuidedagane.
Store bindersar frå bokhandlaren.
Bilete og leiker frå samlinga.
....



 ...og vips: litt pynt over senga til skjønnasen.
Det det er forresten Bodil BO som har teke bileta av han med den gråblå hua på :)


Helga var, som så ofte før, over i ein fei. Me har fått gjort supermasse både ute og inne. Herleg med vår :)
Ha ei flott veke, god natt !


PS. Tusen takk på kjemperespons på forrige innlegg. Heilt topp - blir  såååå glad av alle fine ord!

fredag, april 08, 2011

Bli med inn i det aller helligaste


Det er ikkje ofte eg viser fram foreldresoverommet her i huset. Det er av den enkle grunn at der har det vore lite å vise fram. Me har det minste rommet i huset, og det siste som det har blitt gjort noko med. Fram til i dag har det vore tomme veggar og lite pynt på rommet.  


I ettermiddag formeleg fauk eg heim frå jobb. Eg fekk nemleg ein telefon like etter lunsj om at posten kom til å komme innom med ein pakke til meg.  Og denne pakken viste seg å vere bildene eg har bestilt frå Picturewall. Juhu, her var det berre å få potetene på kok, slenge fiskegratengen i omnen, setje fram eit stort fat med oppskoren frukt til ungane framfor TV'en, sende Herr Fe ut på handel, og gå i gong.


Picturewall er eit norsk firma som har spesialisert seg på å skrive ut/montere kundens bilete på akryl eller aluminium, og slik kan ein lage sitt eige fotoalbum på veggen som dei seier så fint i reklamen. Eg las om firmaet første gong i Dagbladet Søndag like etter jul, og nå har eg altså omsider fått mine eigne bilete på veggen. Eller on the wall som det kanskje passar best å sei i dag ;)


Bileta mine er  26 x 26 cm store og montert på akryl. Tack-It følgde forsendinga, og det same gjorde framgongsmetode og avstandsmålar. Enklare kunne det i grunnen ikkje bli. Om eg er treig når det gjeld bestemme meg for kva bilete eg skal bruke, så er eg iallefall ikkje treig når det gjeld å få ting på plass. Innan fiskegratengen var ferdigsteikt og fruktfatet tomt var eg ferdig. Til og med ferdig med fotograferinga. Kjende eg vart meir og meir lukkeleg for kvart bilete som kom opp. For endeleg skulle det verte dreis på dette rommet også.


Og dreis vart det, tykkjer eg. I love it rett og slett. 


Ting og tang og tepper og dilldall vart henta fram frå gløymselen igjen. Det eldgamle sengeteppet frå House Doctor fekk komme på plass på senga. Dei gamle meierikassane under senga kjøpte eg for 50 kr per stykk på blomsterbutikken heime på Halsnøy (fine Buketten). Fillerya er ei eg kjøpte på Ikea for 39 kr for eit par år sidan, og låg før i dag og støva ned nederst i ei korg. Lampane er også frå Ikea. Senga likeså. Den er 180 cm breid, fyller heile rommet frå side til side og rommar heile familien. Ugle-bokstøtta under er arv etter Herr Fe sin flinke morfar.


Du og du. Eg klarar ikkje slutte å smile for eg syns dette vart så utruleg fint. Tankane har alt byrja svirre. Har me plass til fleire bilete andre stader i huset mon tru?


Nå skal eg og eldste mann ut på vår kjempekjekke mor-og-sønn-tar-seg-ein-rask-kveldstur-på-Åsen-tur. Kven kjem seg raskast til toppen i klatrestativet i kveld?

Ha ei fortreffeleg fin helg.
Klem frå LindaLukkeleg

OBS OBS! Eg har skrive feil i innlegget... Bileta er trykt på PVC-plater og ikkje på akryl. Sånn i tilfelle du vil ha like som meg, så må du bestille PVC altså ;)

torsdag, april 07, 2011

Fine bøker for ei barnsleg sjel


Som eg har sagt så ofte før: eg elskar barnebøker. Særleg barnebøker med nostalgisk preg. Helst med illustrasjonar av born i koselege situasjonar. Bøkene til Gyo Fujikawa har eksistert sidan tidleg på 70-talet, ja, kanskje til og med lengre. Gyo Fujikawa har laga dei mest fantastiske illustrasjonane ever. Eg har to gamle eksemplar på norsk til nå, men er stadig på utkikk etter fleire (har faktisk funne nokre på nettet i kveld - juhu). Enn så lenge har eg bestilt nokre bøker på engelsk på Capris. Illustrasjonane er fantastiske, og bøkene i seg sjølv er herlege. Dette vert med andre ord bøker som ungane ikkje får herje med, men sitje fint og sivilisert på fanget medan den barnslege mammo les for dei ;)






Desse bileta tekne nå i skumringa i kveld, yt ikkje bøkene rettferdighet i det heile. Men her kan du finne fleire illustrasjonar av Gyo.


Korleis er det med deg, er du også glad i gamle barnebøker? Håpar det er fleire enn meg som finn barnsleg glede i slike bøker ;)

Ha ein super torsdagskveld.

søndag, april 03, 2011

Vidunderleg


Som fleire av dåko sikkert hugsar budde eg 18 år i Bergen før me for tre år sidan tok pakkenelikkane våre med oss og flytta sørover. Me trivast kjempegodt og er i ferd med å slå god og solid rot her i Stavanger, men innimellom er det ikkje fritt for at eg lengtar tilbake til storbykjensla, dei smale smaua, dei gule bussane og ikkje minst dei fine kompisane mine. Ein aldri så liten Bergensferie står derfor på tapetet i løpet av året. Det er heldigvis fantastisk mange bra fordelar med å bu her i sør, og det er viktig å fokusere på dei når saknet etter gamle dagar sig inn.

Ein av desse fordelane er dei fantastiske strendene. Me elskar strandlivet, sommar som vinter. I dag har me hatt oss ein god tur. Bøttene var med i tilfelle me kom over fossilar, steinar, skjell, steinalderfunn og dinoraurbein. Her går me breidt ut i jakta, og er heldigvis like nøgde når me kjem tilbake til bilen med nokre småsteinar og eit par fine skjell. Bileta talar i grunnen godt for seg sjølv, så eg skal tie still i kveld ;)







"Dette har hvert den beste dagen i mitt liv" utbraut Samson før sengetid i kveld. Dagen inneheldt mange fleire aktivitetar enn denne strandturen i morgonskodda, og mammahjarta frydar seg over at dei små er takknemlege og glade. Inga kjensle er betre.

Med fullada batteri (sov jo jammen meg heilt til kl åtte i dag), er eg klar for ei nye veke. Det håpar eg du også er, og ikkje minst: at denne veka vert av den fine sorten.

Klem og smil herifrå.

lørdag, april 02, 2011

NIB utfordring - gjer det sjølv


NIB (Norske InteriørBloggarar) har ei Gjer-det-sjølv-konkurranse gåande. Eg var i tvil om kva prosjekt eg skulle melde meg på med. Det stod lenge mellom station - board'en eller leikehuset me bygde i fjor, og enda som det sikkert skjønar opp med leikehuset.


Leikehuset kom i fleire modular som me skulle setje saman, og det var ein vanvittig jobb med behandling med impregneringsmiddel og innvendig maling før me kom så langt. Sidan eg er av den utolmodige typen gjorde eg 99 prosent av jobben sjølv, og hadde berre godaste Herr Fe med der det var strengt tatt nødvendig med fire hender. Dette er derfor eit typisk Gjer-det-sjølv prosjekt i feens heim ;) Det var litt av ein jobb, men akk så fantastisk koseleg det vart til slutt. Du kan lese heile leikehus-innlegget her.


Og med desse bildene kjenner eg at eg verkeleg lengtar etter sol og sommar. Varme i kroppen. Friske ungar og velstelt hage. Kvitvin i glaset. Slank kropp og solbrun kropp. Ja, det er jammen godt det er lov å drøyme, he he :)

Goa natto te deg ;)

Nytt prosjekt på pinnane


For ei tid sidan las eg at flinke Knitgirl (bloggekompis heilt sidan starten i 2003) har byrja å strikke ei fantastisk fin jakke. Altså jakka Baby and Children Cable Yoke Jacket  designa av Kyoko Nakayoshi. Mønsteret kan kjøpast Ravelry, og flaks for meg så hugsa eg både brukanamn og passord inn der.




Det er lenge sidan eg kjøpte garn frå Strikk Innom, men til dette prosjektet fann eg det perfekte garnet i den finaste sarte rosa fargen. 100% Peruvian Highland Wool frå Cascade Yarns. Einaste aberet måtte vere at ulla ikkje er superwash, som det heiter så fint på norsk. Handvask er det einaste som kan brukast for å reingjere vidunderjakka, og dette får bli ei jakke til litt finare bruk.


Nye flettepinnar investerte eg også i. Å strikke er ikkje det mest fantastiske eg gjer, men med fine gode pinnar og godt garn vert arbeidet mykje meir lystbetont. Om eg ikkje er superbegeistra for å strikke, så elskar eg heimestrikka plagg til ungane. Derfor kastar eg meg uti det eine prosjektet etter det andre. Heldigvis kjem eg som oftast i mål med ferdige plagg, trass i at det tar lang tid. 


Nå skal straks dei skjønne små få ein omgang over trutane med vaskekluten og så skal me ut på laurdagshandel. Eg har planar for helgeprosjekt både utandørs og innandørs, og treng litt ting og tang for å få det fullført.

Ha ein flott laurdag, klem herifrå :)

torsdag, mars 31, 2011

Stem

I eit tidlegare innlegg har eg skrive om at eg skulle vere dommar i kategorien BARN i Håndlaga 2011. Då eg takka ja til å vere dommar forutsåg eg absolutt ikkje kva for ein vanskeleg jobb eg stod framfor. Hjelpe meg kor mange flinke sjeler det er der ute. Eg vart heilt matt og hadde store problem med å velgje ut dei ti som skulle få gå vidare til offentleg avstemming.

For å gjere det lettare for meg sjølv sette eg opp ein del ting eg måtte ta hensyn for at alt skulle vere representert til slutt. Det var:
# jente kontra gut.
# strikking kontra hekling kontra saum
# leiker kontra klede
# ting for praktisk bruk, og for det reint estetiske
#små prosjekt kontra store prosjekt

Først hadde eg rundt 30 favorittar, så skar eg ned til 17, og enda altså til slutt opp med dei ti som er avbilda i kollasjen over. Fantastisk fine bidrag av høg kvalitet. Til mi store glede ser eg at fleire av dei eg måtte "forkaste" er nominert i andre kategoriar. Med dette ynskjer eg alle finalistane masse lukke til!

Nå er det du som skal vere med å bestemme kven som vinn prisen Håndlaga 2011 i kategorien BARN. Du stemmer på din favoritt her.

Klem frå Linda

onsdag, mars 30, 2011

LindaPinda i media - HJELP


Sånn eigentleg er eg beskjeden, og sånn egentleg likar eg ikkje merksemd. Og sånn egentleg trugar jantelova som ei svart sky over hovudet på meg konstant.
Men fader kor kjekt det er med alle dei fantastiske helsingane eg har fått (som har rørt meg til tårer mang ein gong), dei nydelege blomstrane eg har fått på døra og alle avisene som har skrive om saken. Tusen takk for at de løftar meg fram. Eg nyt dette, for eg tvilar sterkt på at eg nokon gong kjem til å oppleve noko liknande igjen.

Eg kan ikkje legge ut alle lenkjene her, men eg kan jo tipse om to radiointervju med meg frå i dag tidleg. Huttemegtu, nå har eg endeleg fått høyre dei sjølv, og eg må sei eg er raud og varm i kjakane.

I føremiddagssendinga til Nrk Hordaland Radio finn de intervjuet med meg om de drar markøren bort til kl 42:05 cirka.

I føremiddagssendinga til Nrk Rogaland Radio finn de intervjuet med meg litt etter kl 01:11:01, trur eg.

Ha ein god onsdagskveld :)

tirsdag, mars 29, 2011

Audmjuk og umåteleg lukkeleg. Eg er kåra til Årets nynorskbrukar 2011!


De kan tru at eg vart forundra her ein kveld. Eg vart oppringd av ein mannsperson som lurte på om eg hadde to minutt til overs for å høyre om ei kjekk kåring. Den hyggelege mannspersonen kunne fortelje meg at styret i Nynorsk kultursentrum hadde kåra meg som Årets Nynorskbrukar i 2011. Ein pris eg ikkje ante at eg var nominert for ein gong. "Å, herlighet så kjekt. Er det sant?", utbraut eg, medan tusen tankar raste gjennom hovudet. Var dette ei tulletelefonoppringing? Var dette ein draum? Kunne nokon vennligst klype meg i armen slik at eg landa på Moder Jord igjen?  


Men det viste seg at det rett og slett berre var ein fantastisk kjekk telefon å få. Dette var ikkje noko tull. I særdeles godt selskap med Kjartan Fløgstad, Kari Traa, Maria Parr og mange andre høgtståande personar i norsk kultur- og samfunnsliv finn de altså vesle meg. Eg har fått den tolvte Årets nynorskbrukar prisen dei delar ut. Prisen er på femti tusen kroner. Det er utruleg kjekt. Gubbevaremegvel rett og slett. 



I etterkant har eg hatt fleire lange telefonsamtalar med direktøren for Nynorsk kultursentrum, der eg har diskutert bruk av nynorsk på bloggen. Sånn i ettertid ser eg det nesten som om han har måtta overbevise meg om at eg er ein verdig prismottakar. Dei fokuserer ikkje på små skrivefeil og ordfeil, men ser meir på formidlinga av nynorsk som heilheit. Dei legg vekt på syntaksen som det så fint heiter, og ikkje minst bruk av nynorsk i interiørsamanheng. Eg er utruleg audmjuk og lukkeleg. Tenke seg til at nokon skulle setje pris på at eg skriv nynorsk - noko som er heilt naturleg for meg. Eg har aldri vurdert å skrive bokmål ein gong. Det er for langt frå mi eiga dialekt og dermed for langt i frå personlegheita mi. Og det er jo personlegheita mi eg prøver å vise fram i bloggen.


Og så femti tusen då. Det er jo ekstremt mykje pengar. Herr Fe, Samson og eg hoppa rundt i ring på kjøkengolvet medan me hylte og lo, då eg kunne fortelje dei kva eg hadde vunne. "Nå skal me iallefall reise til syden" sa eg. Ungane har aldri vore i syden. Akkurat det er litt sårt for meg, at dei ikkje har fått vore i varme strøk slik dei fleste andre ungar me kjenner. Vel. Med eit smil om munnen logga eg meg like etter inn på Altinn.no, for så å finne ut at eg får tidenes baksmell på skatten. Opp som ein hjort, og ned som ein lort med andre ord. Jaja, sydentur skal me nok få til uansett. Ein vakker dag.

Og nå fokuserer eg berre på ein ting:  eg er Årets nynorskbrukar 2011. Takk til Nynorsk kultursentrum. Takk til mi flinke norsklærerinne på ungdomsskulen, Aslaug Sjo. Takk til min flinke veileiar på Universitetet, Ingunn Thorseth. Takk til Herr Fe. Takk til mamma. Og takk til deg som les bloggen min. Blogginga hadde aldri vore den same utan dei oppmuntrande og kjekke kommentarane de legg igjen her inne. Kan nokon klype meg i armen slik at eg landar på Moder Jord igjen?


PS. Som de ser av dagens bilete har eg nå funne fram nynorskordlistene våre frå bokhylla. Her må ein prøve å framstå som ein verdig vinnar ;) 


Her er forresten pressemeldinga som vart sendt ut i dag. Eg er ikkje 38 før seint i november, men pytt pytt ;) :


Bloggaren Linda Sæbø (38) i Stavanger er Årets nynorskbrukar 2011. Ho får prisen for utviklinga av bloggen ”Den gode feen” til ein viktig stad på Internett, og for innsatsen med å gjere det like sjølvsagt å skrive interiørstoff på nynorsk som det er å skrive om kunst, historie og politikk, seier styret i Nynorsk kultursentrum i si grunngiving for tildelinga.


Prisen er på 50 000 kr og blir delt ut under opningshøgtida for Dei nynorske festspela 23. juni.
Geolog med interiørblogg 
– Eg er ubeskriveleg glad, seier prisvinnaren. – Det har vore sjølvsagt for meg å skrive nynorsk, og det har eg ønskt å gjere på min måte, seier Linda Sæbø. Kvar dag er 3000–5000 lesarar innom bloggen hennar. Sæbø er frå Halsnøy i Sunnhordland og bur i Stavanger der ho arbeider som geolog i Statoil. Ho er cand.scient. frå Universitetet i Bergen i 1998.
           
Bloggen har Sæbø skrive sidan 2003, og det var nokså tilfeldig at ho blei ein bloggar. – Vi var nokre jenter som hadde dagleg kontakt i eit handarbeidsforum, og vi fann ut at på bloggar kunne vi syne fram litt av det vi hadde laga. Den gongen var blogg veldig nytt, og eg heldt den hemmeleg den første tida. Å skrive blogg er ein hobby, men eg oppdaterer nettstaden fleire gonger i veka, seier Linda Sæbø.
Ein kulturpolitisk pris 
– Dette er ein kulturpolitisk pris, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. – Interiør og familieliv har vore eitt av dei sterkaste domena for bokmål, og språkpresset i Stavanger-regionen er formidabelt. Då kjem kvar einaste nynorskbrukar på Internett godt med. Hulda Garborg skreiv om interiør i vekebladet For Bygd og By på 1920-talet, andre følgde opp i Nynorsk Vekeblad i 1930- og 40-åra, og litt fanst i Dag og Tid i 1960-åra. I åtte år har Sæbø skrive om interiør og familieliv på nynorsk, og det har ho gjort utan førebilete frå ei vekepresse som behandlar nynorsk som eit framandspråk, seier Grepstad.
           
Den fremste nynorskprisen           
Det er 12. gongen Nynorsk kultursentrum kårar Årets nynorskbrukar. Prisen blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk.  
Årets nynorskbrukar 2000–2011
2000     Høgsterettsdomar Karl Arne Utgård
2001     Hotelldirektør og visepresident i NHO Gerd Kjellaug Berge
2002     Ringstabekk skole, Bærum
2003     Redaktør Martin Toft
2004     Musikkgruppa Side Brok
2005     Forfattar Kjartan Fløgstad
2006     Forretningskvinne og toppidrettsutøvar Kari Traa
2007     Forlagsredaktør Guri Vesaas
2008     ÅmliAvisa v/redaktør Inger Stavelin
2009     Seksjonsoverlege Ottar Rekkedal
2010     Forfattar Maria Parr
2011     Bloggar Linda Sæbø

mandag, mars 28, 2011

Kjole av eit putevar



 





















I kveld har eg ingen kreative krumspring å vise til frå dagen som straks er over. Ingen kreative krumspring verken frå symaskin, strikkepinnar eller malekost og sparkelskei. Eg syner i staden til fordums innlegg der eg viste fram verdas finaste vesle Almamor, iført ein liten kreasjon som tok sånn cirka ti minutt å lage. Nemleg kjolen med det klingande norske namnet putevarkjole (pillowcase-dress).  

Den gong då hadde eg kome over ein blogg og ein framgongsmetode for å sy ein kjole av eit putevar. Eg brukte ikkje putevar til denne kjolen, men tok i stadan eit herleg stoff frå japanske Kokka Fabric i bruk.

I dag er eg direkte forundra over kor ofte ein ting kan dukke opp på vidt ulike stader. Då eg klikka meg inn i framgongsmetode-innlegget i kveld oppdaga eg at den eine kjolen, altså denne:

Foto: tjuvlånt frå A room somewhere
...er sydd av det same stoffet som eg brukte i denne veska:

Eit stoff som eg tidlegare kjende igjen i desse fantastisk fine barneklærne frå Schuster & Haugaard eg kjøpte i hine hårde dagar:


Er det ikkje artig med slike samantreff?
Og så tilbake til hovudpoenget med dagens innlegg: er du ute etter eit raskt og enkelt syprosjekt, er altså ein slik putevarkjole å anbefale.

Ha ei god natt og ein finfin tirsdag i morgon.
God klem herifrå :)

Sommartider??


Til den fyrste dagen med sommartid vakna me opp til vinterkvitt landskap og dalande store snøfnugg. Feberen set framleis i hjå enkelte av den yngre garde, og dagen har difor blitt nytt innandørs - sett vekk frå ein svippomtur til legevakt og apotek.


Innimellom strabasane har eg dilla litt med symaskina. Ein kjole etter Alma har blitt forminska til ein kjole til dukka. Eit raskt og enkelt prosjekt med eit nokolunde ok resultat.


Kjolen er full av skjønne knappar og applikasjonar, og det er jo toppers med gjenbruk av plagg :)


I min søken etter inspirasjon på dukkekledefronten fann eg denne bloggen med mange "tutorials" for "how-to-make-doll-clothes". Resultatet vart denne kjolen, sydd av eit gammalt babydynetrekk frå stofflageret :) Borrelåslukking i ryggen gjer det enkelt ved stadige klesskift.


Eg kom også over sida til Germandolls på Flickr, som altså lagar dei skjønnaste dukkeklærne og minidukkene i verda. Stikk inn og kikk du også.

Som de kanskje skjøna av det første bilete i dagens innlegg, er eg i gong med eit nytt restegarnsprosjekt. Desse er omsider ferdige, og etter å ha funne dei fantastiske vottane her, måtte eg berre setje i gong.  Først ut er vottar til Alma. Gutane i huset er ikkje så glad i vottar, så det spørs om eg ikkje skal lage eit par til meg også til slutt.


På oppussingsfronten går det ubeskriveleg sakte på fram. Me byrja først med å sparkle over strietapeten på veggene, men du og du kor vanskeleg det er å få det jamnt og fint. Her må det nok mange repeterte sparkle, tørke, pusse økter til. Mellom skapdørene enda det med at me fjerna tapeten for å få best mogeleg resultat. Akkurat nå ser store delar av veggoverflatene i gangen derfor slike ut. Aj aj aj, her ventar det timesvis med pussing, gitt:


Golvet i gangen var i grunnen hovudårsak til at me sette i gong med oppussing her. I fare for at enkelte besvimer av sjokk viser eg under tvil før-bilete over korleis det såg ut ;) : 


Det brunfarga filtteppet er heldigvis historie. For sjølv om veggene langtifrå er ferdige, har me fått nytt golv på plass. Me hadde besøk av nokre flittige golvleggjarar her ei helg, og då benytta me sjansen til å få litt hjelp. Gulvet er Markland frå Ikea, og eg blir meir og meir glad i det. Eg frykta at det kom til å vere skamglatt, sidan det har høgglansa overflate, men det er rett og slett ikkje eit problem i det heile. Så snart vegger og listverk er på plass, trur eg det vert finfint.


 Overgang mellom bad og ganggolv før:

 ...og overgang mellom bad og ganggolv etter. Og der fekk eg jammen vist fram nymalte skapdører på badet også ;) (skapdørene var før bøkefarga, men er nå mørkegrå).


Som du forstår, er me i full gong med oppussing både her og der. Progressjonen er berre så ubeskriveleg treig, he he. Men det er om å gjere å ikkje stresse, ikkje kave og heller nyte livet litt - ikkje sant?

Om du framleis heng med i dette milesvis lange innlegget, vil eg benytte anledningen til å ynskje deg ei flott komande veke. 
Klem frå Linda
Related Posts with Thumbnails